Hjem
Det humanistiske fakultet
Ph.d.-utdanning

Opptak til organisert forskarutdanning

Korleis bli ph.d.-kandidat ved Det humanistiske fakultet

Smilande mann
Foto/ill.:
Emil W. Breistein

Hovedinnhold

Dei fleste ph.d.-kandidater ved UiB er tilsett i stipendiatstillingar. Ved Det humanistiske fakultet foregår tilsetting i stipendiatstilling og opptak til ph.d.-utdanninga i ein og same prosess. Tilsette stipendiater ved Det humanistiske fakultet treng difor ikkje sende eigen søknad om opptak til ph.d.-programmet.

Andre, som for eksempel stipendiatar og tilsette i rekrutteringsstillingar ved andre institusjonar, må derimot søke fakultetet om opptak til ph.d.-programmet. For å bli tatt opp som ph.d.-kandidat ved Det humanistiske fakultet må ein oppfylle formelle krav til finansiering, kvalifikasjon og prosjektbeskrivelse.

Formelle krav til finansiering

Alle som ikkje er tilsett i stipendiatstilling ved Det humanistiske, som til dømes stipendiatar og tilsette i rekrutteringsstillingar ved andre institusjonar (også andre fakultet/avdelingar ved UiB) må ha sikra seg finaniering i forkant. Finansieringa må vere for heile forskarutdanningsløpet og dekke både levekostnadar og kostnadar knyttet til forskningsprosjektet.

Det er ikkje høve til å søke om opptak på grunnlag av eiga/privat finansiering.

Formelle krav til kvalifikasjon

Søkaren må som hovudregel ha ein femårig mastergrad,i tråd med krava i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR), 2. syklus. Søkaren si masteroppgåve må ha eit omfang på minimum 30 studiepoeng, og karakteren på masteroppgåva må som hovudregel vere B eller betre.

Formelle krav til prosjektbeskrivelse

Søknaden skal innehalde ein plan for prosjektet som omfattar

  • ei tydleg presentasjon av det vitskaplege prosjektet som inneheld forskingsbakgrunn, hovudproblemstillingar, teori, metode, og etiske aspekt der det er relevant
  • ein tidsplan for gjennomføring av avhandlingsarbeidet, med milepælar og eventuelle utanlandsopphald
  • en tidsplan for gjennomføring av opplæringsdelen
  • ein finansieringsplan

Andre faktorar

Fakultetet vil som hovudregel praktisere residensplikt.

For fleire detaljar og krav til dokumentasjon sjå sjølve ph.d.-programmet.