Ny IT-brukar
Ny IT-brukar ved UiB
Alle studentar og tilsette ved Universitetet i Bergen må ha ein eigen brukarkonto. Brukarkontoen gir tilgang til IT-system og nødvendig informasjon. Nettilgang kan du få straks.
Hovedinnhold
Ny student
Er du ny student ved UiB, får du automatisk oppretta brukarkonto. Du får melding når kontoen er klar, og må aktivere kontoen sjølv. Men først må du semesterregistrere deg og vente til SEBRA har fått oppdatert informasjonen om dette.
Nytilsett
Er du nytilsett ved UiB, får du automatisk oppretta brukarkonto. Du får melding når kontoen er klar, og må aktivere kontoen sjølv.
- Les meir på uib.no/tilgang
På nett straks
Om du ikkje er tilsett eller student, kan du likevel kome på nett straks med gjestekonto.