Hjem
Det juridiske fakultet
Nyhet

Ny førsteamanuensis ved fakultetet

I dag vedtok fakultetsstyret å tilsette Maria Vea Lund som førsteamanuensis ved Det juridiske fakultet. I samband med tilsettinga har vi spurt Maria om kva ho vil fokusere på i den nye stillinga.

Portrettbilde av Maria Vea Lund
Maria Vea Lund er ny førsteamanuensis ved Det juridiske fakultet.
Foto/ill.:
Dragefjellet lærings- og formidlingssenter

Hovedinnhold

Kva ser du mest frem til i den nye stillinga di ved fakultetet?
-Ettersom eg har arbeid her i ein del år allereie, vil det ikkje bli den heilt store overgangen. Men dei siste åra som stipendiat og i tida eg har vore tilsett som forskar, har eg ikkje undervist ved fakultetet. Som førsteamanuensis vil ulike undervisningsoppgåver fylle meir av arbeidskvardagen, og det ser eg fram til. Det gir meir variasjon og eg trur det blir kjekt å ha meir kontakt med studentane. I tillegg blir det naturlegvis fint å ha fast stilling.

Har du spesielle planar eller idear knytt til undervisninga som du skal ta fatt på i den kommande tida?
-Dette året skal eg primært ha storgruppeundervisning – i Kontraktsrett I og II og i Arve- og familierett. I tillegg skal eg rettleie to masterstudentar i vår, og antakeleg to i haust. Kva som skjer vidare avheng mykje av korleis studiet blir sjåande ut etter den varsla reforma, og det blir spennande å følgje denne prosessen vidare. På sikt ønskjer eg naturlegvis å vere med på å forme kurset eller kursa som eg skal vere ein del av. Eg har stor tru på at samarbeid mellom dei vitskapleg tilsette løftar kvaliteten på undervisninga.


Kva vil du i første omgang fokusere på når det gjeld forsking?
-Dei siste to åra har eg arbeidd med ei bok om alderdom og overføring av formue. Her ser eg nærmare på dei ulike reglane som kjem i spel når formue blir overført av ein tilårskomen løftegivar, med merksemda retta særleg mot løftegivarar med meir eller mindre framskriden demens. Emnet ligg i skjeringsfeltet mellom avtaleretten, arveretten og verjemålsretten og forskinga er ein del av prosjekt finansiert av Forskingsrådet. I tida som kjem vil eg bruke forskingsdelen av stillinga mi til å skrive ferdig denne boka. I tillegg har eg nokre artikkelutkast som eg ønskjer å ferdigstille.