Hjem
Det juridiske fakultet
Frå Kina til UiB for å lære om norsk maritim juss:

Framtida finst i det blå

Vestlandet eksporterer meir enn laks. Denne veka har tjue kinesiske studentar kome til UiB for å lære om havrett, norsk shipping og maritim næringsverksemd.

Bilde frå opninga av Maritime Bergen Law Summer Programme
Måndag starta Maritime Bergen Law Summer Programme. Her vil ei rekke maritime verksemder frå Bergensområdet gjere seg kjende for studentar frå kinesiske prestisjeuniversitet.
Foto/ill.:
Ida Bergstrøm og Colourbox

Hovedinnhold

– Maritim juss er svært viktig for samfunnet vårt, sa UiB-rektor Dag Rune Olsen då han besøkte Dragefjellet måndag for å opne Maritime Bergen Law Summer Programme.

Til stades var tjue studentar frå Kina som har kome til Bergen for å lære om maritim juss og norsk shipping.

Studentane få eit nokså unikt innblikk i ei av dei viktigaste næringane på Vestlandet, seier professor Bjørnar Borvik. Han er leiar for Norwegian China Law Centre ved UiB, som arrangerer programmet  saman med NHH og Maritime Bergen.

– Eg trur at bedriftene som koplar seg på akademia og dei komande studentane vil ha ein klar fordel.

– Maritim juss er i høgste grad internasjonal juss. Sjå berre på hamna: Ein kontainer med varer frå eit anna land er ikkje berre ein container. Den har også med seg eit sett av juridiske spørsmål, sa dekan Karl Harald Søvig då sommarprogrammet opna måndag.

Bergen sett frå havet

Programmet er ein kombinasjon av forelesingar og bedriftsbesøk, og tanken er at studentane både skal få teoretisk kunnskap sektoren, og samtidig få innblikk i korleis jussen verkar i praksis.

Problemstillingar innan klima, medisin, teknologi og juss krev internasjonalt samarbeid. Samtidig er den internasjonale handelen venta å auke. I løpet av eit tett program over to veker vil studentane bli betre kjent med ei rekke nøkkelbedrifter i Bergen.

– Vi er svært stolte over programmet vi kan tilby, seier Borvik.

Studentane vil få møte representantar frå advokatfirmaa Wikborg Rein og Thommessen. Dei skal også på besøk til mellom anna Håkonsvern, Frydenbø Industrier, Bergen Næringsråd og Norwegian Hull Club.

– Merkevarebygging

Harald Victor Hove er dagleg leiar i Maritime Bergen. Han ser på Maritime Bergen Law Summer Programme som ein sentral byggjestein i arbeidet for å skape tettare relasjonar mellom akademia og næringslivet.

– Eg trur at bedriftene som koplar seg på akademia og dei komande studentane vil ha ein klar fordel. Her snakkar vi også om studentar med ei særleg forståing for ein av verdas største marknader for maritim næring, seier Hove.

Dei kinesiske studentane som kjem til Bergen for å lære om norsk maritim verksemd er alle rekrutterte frå prestisjeuniversitet i Kina. Maritime Bergen Law Summer Programme fungerer difor som bygging av merkevara til ein svært viktig del av det bergenske næringslivet, meiner Borvik.

– Når desse studentane er ferdig utdanna vil dei gå inn i viktige posisjonar i kinesisk samfunns- og næringsliv. Med deltakinga i sommarprogrammet vil dei ta med seg kunnskap om ein viktig del av norsk næringsliv, seier Borvik.

Ei maritim framtid

Både Borvik og Hove er særleg glade for å kunne vise fram den maritime verksemda i Bergen for dei komande juristane.

– Maritim næring har ei lovande og krevjande framtid framfor seg. Havet skal pløyast og haustast som aldri før og på måtar vi enno ikkje kjenner til. Godsmengdene som skal transporterast sjøvegen vil globalt auke med 60 prosent fram mot 2050, og samtidig skal karbonavtrykket til global sjøfart halverast. Skal maritime bedrifter kunne hevde seg, treng vi folk som kan utfordre etablerte sanningar og eksisterande løysingar, seier Hove.

– Når desse studentane er ferdig utdanna vil dei gå inn i viktige posisjonar i kinesisk samfunns- og næringsliv. Med deltakinga i sommarprogrammet vil dei ta med seg kunnskap om ein viktig del av norsk næringsliv

Hove håpar at møtet mellom jussstudentane og den maritime næringa vil få ringverknader.

– Eg håpar at studentane vil kunne sjå for seg ein arbeidsplass i den maritime næringa. Samt at bedriftene ser verdien av eit tettare og hyppigare samarbeid med studentar og akademiske institusjonar med spisskompetanse på havet, seier Hove.

– Etter mitt syn bør det vere ein ambisjon å utvide sommarprogrammet i åra som kjem, slik at fleire fakultet ved UiB kan kople seg på, og tilby tilsvarande opplegg for studentar frå samarbeidsuniversitet internasjonalt. Center for Shipping and Logistics ved NHH er også ein viktig bidragsytar til det maritime sommarprogrammet, og mitt håp er at programmet kan bidra til eit tettare samarbeid mellom NHH og UiB i åra som kjem, seier Borvik.