Hjem
Det juridiske fakultet
News

Juristmålpris til Sunde

Årets målpris frå Juristmållaget går til professor Jørn Øyrehagen Sunde. Han får sjølv konservative bokmålsstudentar til å bruke nynorske ord som ein naturleg del av vokabularet.

Målprisvinnar og medlemer i Juristmållaget, frå venstre: Camilla Haukeland...
Foto/ill.:
Ingrid Endal

Hovedinnhold

Juristmållagsprisen 2012 vart delt ut 22. mars på eit alumniseminar ved Det juridiske fakultet.

- Mange takk! Eg skal ikkje seie mykje, men eg vil gjerne trekkje fram ei lita historie, seier Sunde.

- Eg budde i Brussel på den tida, i 1994, og sat på eit lite propellfly frå Hamburg då eg såg ned på det flate landskapet. «Dette minner meg om Uskedalen» slo det meg, på trass av ulikskapen. «Heile verda er Uskedalen og Uskedalen er heile verda». Poenget mitt er at går an å vere lokal og samtidig internasjonal.

- Ver internasjonal, skriv nynorsk!

Grunngjevinga for utdelinga:
«Jørn Øyrehagen Sunde er fødd i 1972 i Uskedalen i Kvinnherad. Han vart uteksaminert frå det juridiske fakultetet i Bergen i 1999, og peila seg raskt inn på ei akademisk karriere. Etter ein periode på doktorgradsprogrammet ved det juridiske fakultetet i Tromsø flytta han tilbake til Bergen og Vestlandet, og i 2007 vart han både dr. juris og professor ved det juridiske fakultetet i Bergen.

For Sunde synest interessa for rettsvitskapen å vera uløyseleg knytt til lidenskapen for historie. Doktorgradsavhandlinga hans ber tittelen ”'Fornuft og Erfarenhed' - Framveksten av metodisk medvit i dansknorsk rett på 1700-talet”. Han har sidan 2002 vore tilknytt Baroniet i Rosendal som forskar, og i 2008 vart han i tillegg utnemnt til professor II ved Senter for mellomalderstudium i Bergen. Sunde har ei imponerande rekkje publikasjonar på samvitet, og er mellom anna vald til å skriva Høgsteretts historie bind 3, som etter planen skal publiserast i 2015.

Blant jusstudentane i Bergen er Sunde kjent som kursansvarleg og førelesar i ”Rettshistorie og komparativ rett - Rettskultur i eit Europa i endring”, eit fag som ikkje berre er unikt i Noreg, men også i Europa. Mange studentar er på førehand skeptiske til faget – det høyrest då slett ikkje relevant ut, i alle fall ikkje for den som skal bli forretningsadvokat eller dommarfullmektig. Slik startar Sunde i ein aldri så liten motbakke, men den blir som regel raskt overvunnen.

Med engasjement, humør og eineståande kunnskapar på feltet har Sunde på få år rekt å bli ein av dei mest populære førelesarane ved fakultetet, og studentane tildelte han førelesarprisen både i 2010 og 2011. Både førelesingar og kursmateriell kjem på ein utmerka nynorsk. Det seiest at Sunde får elles konsekvente bokmålsstudentar til å bruka ord som "rettferdsideal" i fleirtal, utan at dei tenkjer meir over det.

Innanfor faget sitt er han ein føregangsmann, og nynorsken står sterkt innanfor omgrepsapparatet han har bidrege til å utvikla. Gjennom førelesingane ved Universitetet i Bergen er han dessutan ei levande inspirasjonskjelde for studentar som ønskjer å skriva nynorsk.»

Frå 2006 starta tradisjonen med å gje ut ein årleg målpris for Juristmållaget. Så langt har høgsterettsdommar Karl Arne Utgård, professor emeritus Nils Nygaard, professor Kåre Lilleholt, lagdommar Asbjørn Nes Hansen, pensjonist Bergfinn Aabø og professor Ola Mestad fått prisen for innsatsen for det nynorske rettsmålet.