Hjem
Det juridiske fakultet
juridisk kompetanse

Auka behov for juristar

Fram mot år 2025 vil talet på yrkesaktive juristar auke betydeleg. Talet på jusstudentar må aukast dersom behovet i arbeidsmarknaden skal møtast.

Hovedinnhold

Truleg må det utdannast fleire juristar for å auke etterspurnaden. Dette viser ein ny rapport frå Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU).

Større fråfall enn tilvekst

– Det framtidige behovet for juristar i Norge er vanskeleg å talfeste, og ulike utrekningar gjev høgst ulike svar. Men det er sannsynleg at etterspurnaden vil auke relativt mykje fram mot 2025, seier Per Olaf Aamodt, forskar ved NIFU.

Han anslår at etterspurnaden kan vere 75 prosent høgare enn i dag.

Les saka i UiB si internavis På Høyden