Hjem
Det juridiske fakultet
Nyhet

Startar samarbeid med jussuniversitet i India

Det juridiske fakultet har innleidd eit samarbeid med National Law University Delhi.

Neste
Biblioteksbygget
Bibliotek: Dette bygget husar universitetets store bibliotek. Her er det lyst og triveleg og mange leseplassar.
1/7
Asbjørn Strandbakken og Ranbir Singh viser fram avtalen dei har signert.
Avtalesignering: Under besøket vart det signert avtale om studentutveksling og forskingssamarbeid. I midten ser vi dekan ved Det juridiske fakultet Asbjørn Strandbakken og Vice-Chancellor ved National Law University Prof. (Dr.) Ranbir Singh med den ferske avtala.
2/7
Rettssal
Eigen rettssal: Studentane ved NLUD deltek ofte i nasjonale og internasjonale prosedyrekonkurransar, og på universitetet har dei eigen rettssal der dei kan øve seg.
3/7
Ei ku på vandring i gata
Kontrastar: India er eit land med store kontrastar, og like utanfor campus kan ein treffe heilage kyr som vandrar i gatene.
4/7
Baskedballbane
Treningsfasilitetar: På campus er det basketballbane ute og treningsrom i hybelbygga. På campus er det og bustader for tilsette og familiane deira. Desse ser vi i bakgrunnen på dette biletet.
5/7
Skilt med teksta "Boy's hostel"
Studenthyblar: Mannlege og kvinnelege studentar bur kvar sine bygg. I studenthyblane deler ein rom med ein eller to andre studentar, og i første etasje i bygningen får ein servert alle måltid.
6/7
Uteområdet på campus
Campus: Delegasjonen fekk omvising på campus under besøket, og fekk sjå både undervisningsrom, bibliotek, bokhandel, kafeteria og studentbustader.
7/7
Tilbake

Hovedinnhold

Det juridiske fakultet har fått midlar frå Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) for å utvikle samarbeid med indiske National Law University Delhi (NLUD). Ein delegasjon frå fakultetet vitja universitetet i Delhi for første gong i mars 2015. Under besøket vart det signert ein samarbeidsavtale som opnar for at norske jusstudentar kan studere eit semester eller to i Delhi, og for at indiske jusstudentar kan studere i Bergen.


I tillegg til studentutveksling skal det byggast relasjonar mellom forskarar frå NLUD og Bergen. Konkurranserett er eit område som det er særleg interesse for å samarbeida innan, og i november kjem ein delegasjon frå Delhi til Bergen for å delta i felles workshop med forskarar på Dragefjellet.

Eit prioritert samarbeidsland


Dekan Asbjørn Strandbakken er nøgd med å ha signert ein avtale med NLUD.


– Med denne avtalen har vi innlema endå eit viktig strategisk land å samarbeide med i porteføljen vår, som er i samsvar med regjeringas forskingsstrategi. India er eit av dei prioriterte samarbeidslanda for Noreg, fortel han.

– For studentane vil dette være eit framifrå tilbod og ein god lærestad. NLUD har eit godt fagleg tilbod som innfrir forventningane våre. I tillegg vil studentane få oppleve ein kultur som er heilt annleis enn vi kan vise til i Noreg og andre vestlege land, så det vil vere både fagleg og menneskeleg utviklande, seier dekanen. 


Fredeleg oase


NLUD er eit ungt campusuniversitet som ligg i utkanten av Dehli. Universitetet blei stifta i 2008, og er eitt av 22 nasjonale juridiske universitet i landet. Det er òg mange andre institusjonar i India som tilbyr jussutdanning, men dei nasjonale juridiske universiteta er dei mest anerkjende.

Studentane ved universitetet kan bu inne på campusområdet. Det er ein fredeleg oase i ein elles myldrande og travel storby. Like utanfor campus kan ein treffe heilage kyr på vandring i gatene, og dei for oss eksotiske sykkeltaxiane ventar like utanfor porten.


Dyktige studentar


Under besøket i Delhi vart forskar Rasmus Wandall invitert med til ei forelesing i komparativ rett der han spontant forelas om sivilrettslige system i både Skandinavia og Øst-Afrika. Wandall seier at dei indiske jusstudentane var sterkt engasjerte i undervisninga, og at det var ei artig oppleving. 


– Dei indiske studentane var dyktige og svært kunnskapsrike. NLUD er eit av dei mest velkvalifiserte universiteta i India, og studentane der vil særs lett kunne inngå i undervisninga ved UiB. Dei snakkar flytande engelsk, har eit sterkt akademisk utgangspunkt, og verka ganske enkelt opne for å diskutere på tvers av land og rettssystem. Det er heller ingen tvil om at det også vil vere ein gevinst for UiB. Når kvalifiserte kandidatar utanfrå stiller spørsmål til våre rettssystem og våre rettstradisjonar, så lærer vi også mykje om oss sjølve, fortel Wandall.

 

Gjensidige gjesteforelesingar


Også førsteamanuensis Ronny Gjendemsjø vil få høve til å stifte nærare kjennskap med indiske studentar. I mars neste år dreg han tilbake til Delhi for å gjesteforelese i konkurranserett ved NLUD. Likeeins vil studentar i Bergen få nærare kjennskap til konkurranserett frå eit indisk perspektiv når professor Harpreet Kaur skal bidra med gjesteforelesingar i faget «JUS258-2-B Competition Law» ved fakultetet hausten 2015. Slike gjensidige forelesingar vil vere svært verdifulle for begge partar. I tillegg til at studentane vil få nye perspektiv gjennom undervisninga, vil det òg bidra til at forskarar frå India og Bergen blir betre kjent, noko som igjen kan føre til felles publikasjonar og betre forskingssamarbeid.


Av Ingrid E. Tøsdal og Veronica Ljosheim