Hjem
Senter for dyphavsforskning
Nyheter

Bringer saman djuphavinteresserte geobiologar

I august i år leda Desiree Roerdink og Eoghan Reeves frå K.G. Jebsen-senter for djuphavsforsking ei økt med tittelen «Geobiology of the Deep Ocean and Subsurface: Contribution of the Deep Biosphere to Earth Systems» på årets Goldschmidt konferanse, og gav moglegheita for geokjemikarar, mikrobiologar og geologar som forskar på djuphavet til å presentere sitt forskingsarbeid.

Goldschmidt 2017
Foto/ill.:
Gael Kazaz

Hovedinnhold

I august i år var sju forskarar ved K.G. Jebsen-senteret for djuphavsforsking deltakarar på den årlige Goldschmidt konferansen, som i år vart arrangert i Paris. Det er den største årlige konferansen i geokjemi, og meir ein  4000 forskarar deltek kvart år. Namnet på konferanse kjem frå forskaren Victor Goldschmidt, som er sett på som grunnleggaren av moderne geokjemi. I dei siste åra har konferansen blitt meir interdisiplinær, med fokus på tema som mineralogi og miljørelatert geokjemi til geoarkeologi og astrobiologi.

Førsteamanuensis Desiree Roerdink og Eoghan Reeves deltok i trenden og foreslo en økt som handlet om geobiologi i djuphavet for årets konferanse. Saman med kollegaer frå Japan, Kina, USA og Frankrike arrangerte dei økt kalla «Geobiology of the Deep Ocean and Subsurface: Contribution of the Deep Biosphere to Earth Systems». Desiree forklarar at grunnen til at dei foreslo denne økta var for å gi oppmerksomheta til geokjemikarar, mikrobiologar og geologar som arbeider med djuphavs områder, slik som til eksempel sediment frå havbotn og hydrotermale felt. Djuphavet utgjer ein utruleg stor del av vår planet, men geokjemi og biologi i djuphavet er framleis relativt lite utforska. Desiree understreker at det er derfor viktig å diskutera nye data me samlar inn frå desse lokalitetane og å prøva å forstå korleis mikrobar og kjemiske reaksjonar i desse systema påverkar vår planet.

I økta var det 33 forskarar som presenterte arbeidet sitt, 19 av dei med plakatar og 14 stk. gav presentasjonar. Fem av presentasjonane var frå Universitetet i Bergen, der Steffen Leth Jørgensen, Rui Zhao og Karen Cecilie Johannesen gav gode presentasjonar av arbeidet sitt på sediment frå den arktiske spreieryggsystemet, og jernrike avsetningar frå Jan Mayen hydrotermale felt. Desiree konkluderer med at dette var en god moglegheit til å visa det internasjonale publikum kva for spennandes forsking me utfører på det arktiske djuphavet.