Hjem
Fakultet for kunst, musikk og design
Godkjenning av tidlegare utdanning

Godkjenning av tidligare utdanning ved Fakultet for kunst, musikk og design

Du kan søkje om å få bruke anna utdanning som del av bachelor- eller mastergraden din ved Fakultet for kunst, musikk og design. Dette gjeld både norsk og utanlandsk utdanning.

Hovedinnhold

Godkjenning av ekstern utdanning

Dersom du skal reise på delstudium i utlandet gjennom ein UiB-avtale, finns det eigne prosedyrar for godkjenning.

Dersom du har utdanning frå ein annan norsk utdanningsinstitusjon som du vil søkje om å få bruke i graden din ved UiB, treng du ein original (ev. attestert kopi av) karakterutskrift og/eller originalt vitnemål frå studiestaden.

Søkarar som ønskjer å innpasse ekstern norsk utdanning kan velje å godkjenne innhenting av eksterne resultat på Studentweb i staden for å levere original karakterutskrift. Du finn spørsmål om dette under Min profil - Samtykke - Eksamensresultater fra andre institusjoner.

Om du har utanlandsk utdanning er det viktig å kunne dokumentere heile utdanninga med karakterutskrift og/eller vitnemål som viser omfang, nivå og innhald i utdanninga. Merk at NOKUT har ansvar for å vurdere om utanlandske utdanningar er jamngod med norske grader.

Innpassing av examen philosophicum eller examen facultatum (gjeld bachelorprogram i musikkvitskap og integrert masterprogram i musikkterapi)

Dersom du har fullført examen philosophicum (ex.phil.) og /eller examen facultatum (ex.fac.) ved eit anna fakultet ved Universitetet i Bergen, vil dette være godkjend også dersom du byter over til eit studieprogram ved Fakultet for kunst, musikk og design.

Dersom du skal søkje om innpassing av ex.phil. og/eller ex.fac. frå ein ekstern lærestad må du vise fram karakterutskrift frå lærestaden.

Dei som har fullført ein bachelorgrad ved ein annan norsk eller utanlandsk utdanningsinstitusjon, som ikkje har krav om ex.phil. eller ex.fac., vil få formelt fritak frå ex.phil. eller ex.fac. ved Fakultet for kunst, musikk og design. Vær merksam på at du ved søknad om fritak på bakgrunn av fullført grad, må vise fram originalt vitnemål.

Innpassing av emner for å erstatte MUG119 Akademisk skriving på bachelorprogrammet i utøvande musikk eller komposisjon: kontakt FOF https://www.uib.no/fof/

For meir informasjon om reglar for innpassing av ex.phil./ex.fac., sjå Forskrift om opptak, studier, vurdering og grader ved Universitetet i Bergen.