Hjem

Can ROVs be used for biodiversity studies and for quantifying megafauna?

Lagd for studentar av studentar

På masteremnet Havforsking lagar studentane videoar som seinare fungerer som opplæring for nye studentar. Sjå videoane her!

Hovedinnhold

Gjennom prosjektet Teach2Learn har masterstudentar på Havforskning BIO325 produsert fleire filmar som skildrar fleire av dei tinga ein skal læra i Havforsking-emnet.  Videoane skal fungera som ei støtte for andre studnetar som skal læra seg korleis ein tar prøver og kva instrument ein nyttar for å samla inn data i marin forsking. 

The Beam Trawl

Produsent:
bioCEED, UiB

BOMTRÅLEN. Kva er den og kva kan han brukast til?

Masteremnet Havforsking BIO325 er eit kurs i morderne havforsking, med hovudvekt på fiskeri- og marinbiologiske metodar. 

I tillegg til ein fagleg teoretisk del er studentane på feltkurs med forskingsfartøy i Nordsjøen og i fjordane på Vestlandet. Dei er også i felten langs kysten, og får ei innføring korleis ein kan planlegge eit forskingsprosjekt. 

Studentane lærer meir om levevisa og økologien hjå dei viktigaste artane på Vestlandet. 

What can we learn from using acoustics on-board a research ship and what do we use it for?

Produsent:
bioCEED, UiB

AKUSTIKK: Kva kan vi læra av å bruka akustikk ombord eit forskingsskip, og kva kan vi bruka det til?

bioCEED er eit Senter for framifrå utdanning som vart etablert i 2014. På senteret utviklar ein biologiutdanningar som skal fylla behova for kompetanse i både samfunn og forsking i framtida. 

How do we measure environmental factors in the sea and what can we learn?

Produsent:
bioCEED, UiB

MÅLINGAR: Korleis målar vi faktorar som påverkaer miljøet i havet og kva kan vi læra?

Studentane på bioCEED tilbyr studentane sine arbeidspraksis i samarbeid med aktørar innan forvalting, forsking og næringsliv. Det er viktig for senteret å styrka og utvikla praktisk undervisning i felt og lab.

What is a MultiNet, how does it work and what is it used for?

Produsent:
bioCEED, UiB

MULTINET: Kva er eit MultiNet, korleis virkar det og kva blir det brukt til?

Teach 2 Learn-prosjektet har som mål å lære biologi-studentar på bachelor- og masternivå tverrfaglege kunnskapar gjennom innovativ pedagogisk praksis. Gjennom prosjektet lærer ein mellom anna korleis ein skal formidla vitskap, i ein balanse mellom å gjera formidlinga både korrekt og på eit nivå som fleire kan forstå. 

How to do measurements on large fish?

Produsent:
bioCEED, UiB

MÅLAR FISK: Korleis skal vi måle stor fisk?

Videoane du ser i denne saka vart evaluerte og fekk poeng av eit publikum. Videoen i toppen av saka fekk flest poeng!

Measuring fish and organizing raw data

Produsent:
bioCEED, UiB

RÅDATA: Å måle fisk og organisera rådata.