Hjem
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Nyheter

Han er marin direktør for UiB

Amund Måge er marin direktør ved UiB. Ein av dei første oppgåvene hans vert å inkludera heile universitetet i den marine satsinga.

Amund Måge
Foto/ill.:
NIFES

Hovedinnhold

– Stillinga er på eit strategisk nivå, på eit område som har stor potensiale. Bergen har store ressursar og moglegheiter innan det marine. UiB må vere navet og drivkrafta i satsinga på marin forsking, seier Amund Måge om kva som motiverte han til å søkje stillinga som marin direktør ved Universitetet i Bergen.

Måge tar til i stillinga i mars 2017. Han kjem frå ei stilling som forskingssjef i forskingsseksjonen på framand og smittestoff i Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES). Måge har doktorgrad frå UiB, og har fleire år bak seg i NIFES samt erfaring som leiar for eit privat laboratorieselskap. Han har i dag  i tillegg professor 2-stilling ved UiB.

Satsar marint

Marin forsking er eit av UiB sine tre satsingsområde, og er koordinert frå Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet. Den marine direktøren skal vera ein nøkkelperson i arbeidet med å realisera ambisjonane UiB har på området.

–  Når UiB gjer det marine feltet til ei overordna satsing, skal det gjelde heile organisasjonen. Vi må trekkje inn heile breidda av innsikt og perspektiv, vi treng samfunnsvitarar, juristar, psykologar, medisinarar og humanistar, seier Jarl Giske som er marin dekan ved UiB og prodekan for forsking og strategi ved MN.

Måge er samd i at det vert viktig å bruka heile universitetet i den marine satsinga, og påpeiker at ei samlokalisering av marine institusjonar i byen vil vere med å trekkje i rett retning.

Går systematisk til verks

– Noko av det første eg må gjere er å finne metodar for å involvere heile universitetet. Vi har enormt mykje å hente på å få nytta den breidden vi har. Eg kjem til å gå systematisk til verks, og snakke med kvart fakultet og fleire forskingsmiljø, seier han.

Måge får også viktige oppgåver i å skape samarbeid med eksterne aktørar, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Jarl Giske meiner Måge er godt skikka til jobben.

– Han kjenner både UiB og eksterne aktørar svært godt, og har variert erfaring frå forsking både i Noreg og internasjonalt. Han har vore med på svært mange prosessar som gjer at han skjønar kva vi vil oppnå. Ikkje minst er han ein entusiastisk person, og verkeleg vil dette, seier prodekanen.

– Havet er svært viktig for Noreg og resten av verda. Skal vi nyte godt av havet i framtida også, krever det god forvalting, og den må vera forskingsbasert, seier Måge.