Hjem
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Endring: Dankel erstatter Claussnitzer

Oppdaging av skjulte funksjonar i ikkje-kodande DNA kan motverke folkesjukdomar - Horisontforedrag av Simon Dankel

Banebrytande forskning på skjulte funksjonar i ikkje-kodande DNA kan motverke folkesjukdomar

DNA illustrasjon
Foto/ill.:
Colourbox

Hovedinnhold

ENDRING: Claussnitzer er desverre blitt forhindret fra å holde dette foredraget. Den gode nyheten er at Simon Dankel skal holde foredraget i stedet. Les hans "innsikt" artikkel fra BT søndag 13. mars.

 

---

Om foredraget (holdes på engelsk)
I foredraget vil Dr. Claussnitzer framheve sentrale utfordringar i fronten av genetikkforskinga. Ho vil presentere ein omfattande strategi for å finne dei underliggande cellulære mekanismane for korleis ikkje-kodande DNA-variantar predisponerar oss til å vere tjukke eller slanke, sjuke eller friske.

Det er eit "paradigmeskifte" i emninga, der ein flyttar seg frå eit primært fokus på dei vel 2% kodande DNA til dei 98% ikkje-kodande DNA (tidligare omtala som "søppel-DNA”). Dette vil leie til ei ny grunnleggande forståing av evolusjonært konserverte funksjonar hos ulike dyreartar og til nye moglegheiter for å kontrollere arvestoffet vårt. Denne utviklinga ventast å ha store individuelle, samfunnsmessige og etiske implikasjonar, forutsigbare i større eller mindre grad.


Dr. Melina Claussnitzer
Har pionert ein banebrytande metode, PMCA, for å oppdage evolusjonært konserverte funksjonar i ikkje-kodande DNA. Med utgangspunkt i GWAS­-data for genetiske variantar som assosierar med sjukdom gjer metoden det mogleg å finne dei kausale mekanismane som ligg til grunn for assosiasjonen, og avdekkar dermed nye funksjonar i ikkje-kodande DNA og dei cellulære sjukdomsmekanismane.


Enkel servering i forkant av foredraget som begynner kl. 16.15 i Egget torsdag 16. april.

Åpent for alle. Velkommen!


Bakgrunn
Det internasjonale samfunnet har brukt fleirfoldige milliardar kroner for å forstå det humane genomet gjennom store samarbeidsprosjekt (the Human Genome Project, the ENCODE Project, og meir nyleg the RoadMap Epigenomics Project). Hundrevis av genetiske variantar (polymorfismar, “SNPs”) er blitt assosiert med ulike sjukdomar i “genome-wide association studies” (GWAS), og det er blitt populært å teste seg for slike variantar for å vurdere eins sjukdomsrisiko.

Trass i dei store investeringane veit vi likevel framleis lite om korleis ulike genetiske variantar faktisk forårsakar sjukdom. Dei aller fleste sjukdoms-assosierte variantane finst i “ikkje-kodande” DNA (98% av heile genomet), der DNA sin funksjon stort sett er ukjent (dei resterande 2% av DNA er "kodande", dvs. DNA-sekvens som kodar for nye protein i cellene våre).

I den komande æraen av genetikk-forsking er ei hovud-utfordring å finne funksjonane som skjuler seg i det ikkje-kodande DNA, med håp om å endeleg imøtekome lovnaden til GWAS – å finne nye strategiar for førebygging og behandling tilpassa genetikken til kvar enkelt.

 

Vil du vite mer?
Les kronikk i Aftenposten av postdoktor Simon Dankel - Fant sykdomsmekanismer i "søppel-DNA"


Finn hendinga på Facebook