Hjem
Det medisinske fakultet

Paga - personalportal på nett

Bra for miljøet, enklare oss som er tilsette ved fakultetet. Paga kjem snart, og her er det du må vite, inkludert dato for kurs i Paga.

Hovedinnhold

Kva er PagaWeb?

Paga er nettversjonen av løn- og personalsystemet. Her vil du sjølv finne oversikt over dine eigne løn, personal- og fråversopplysingar. Alle tilsette med månadsløn skal nytte Paga, uavhengig av stillingsprosent. Ein loggar på Paga på same måte som ein loggar seg på ei UiB-maskin.

Kva kan Paga gjere for meg?                         

Alle tilsette får tilgang til Paga, og vil mellom anna kunne gjere dette:

  • Få tilgang til Mi Mappe. Her kan ein sjå personal- og lønsopplysingar om seg sjølv, samt fråversstatus og feriestatus.
  • Lese lønsslippen og trekkoppgåve på nett. Det er slutt på å tilsendt lønsslippen på papir.
  • Sende skjema og søknader elektronisk til attestant eller leiar – til dømes reiserekningar og permisjonssøknadar

Leiarane skal godkjenne eller vidaresende elektroniske skjema i PagaWeb. Dei får sjå løn og personalopplysingar til dei tilsette ved eigen avdeling, og får tilgang til rapportar i PagaWeb.

Kva viss eg ikkje får det til?

Instituttet ditt si administrasjon skal kunne systemet, og du kan spørje ein av dei om du lurar på noko. Det er oppretta ei nettside der brukarane kan finne informasjon om korleis ein brukar PagaWeb. Her finn du også ein del regelverk. Adressa til nettsida er http://pagaweb.b.uib.no. Det går også å melde inn problem via BRITA og Issuetracker, her er det oppretta ei eiga gruppe som heiter PAGA. Adressa til Issuetracker er https://bs.uib.no/.  

Det er planlagt at variabel lønsattestantane (VLA) blir superbrukarar på avdelinga/institutta.

Kvar skal eg starte?

Tilsette får automatisk tilgang til PagaWeb, og ved MOF blir Paga teke i bruk frå 11. mars. Men først er det kurs! Her er datoane for kommande Paga-kurs:

  • Tysdag 5. mars kl 0900 – 1100: Auditorium 1 i BBB, kurset er på norsk
  • Tysdag 5. mars kl 1300 – 1500: Auditorium 1 i BBB, kurset er på engelsk
  • Onsdag 6. mars kl 1000 – 1200: Lungegaarden i Kalfaret, for tilsette ved IGS
  • Torsdag 7. mars kl 0900 – 1100: Auditorium 2 i BBB, kurset er på engelsk
  • Torsdag 7. mars kl 1300 – 1500: Auditorium 2 i BBB, kurset er på norsk
  • Fredag 8. mars kl 1100 – 1300: «Sentralen» ved IKO, for tilsette på IKO