Hjem
Det medisinske fakultet

Frå åtte til fem

Fakultetsstyret vedtok fredag at Det medisinsk-odontologiske fakultet (MOF) skal redusere talet på institutt frå åtte til fem. Saka skal endeleg opp i UiB-styret 27. september.

Hovedinnhold

Arbeidet med Framtidas fakultet går framover, og frå januar 2013 skal det vere fem institutt på MOF.

Dei fem er:

  • Klinisk institutt I
  • Klinisk institutt II
  • Institutt for klinisk odontologi
  • Institutt for global helse og samfunnsmedisin
  • Institutt for biomedisin

-Eg er glad for at avgjerda om instituttstruktur er teken, og at fakultetsstyret var einstemmige i vedtaket, seier dekan Nina Langeland.

-No startar dei vidare prosessane og oppfølging av vedtaket, vi er langt frå i mål med prosessen. Det er viktig med medverknad frå alle tilsette i det vidare arbeidet. Mange viktige val for forsking og utdanning må takast i løpet av hausten, seier ho.

Les meir her: https://www.uib.no/mofa/nyheter/2012/05/framtidas-fakultet-rapporten-er-klar