Hjem
Det medisinske fakultet

Den siste delen av livet

Korleis skal ein handtere eldrebølga? Bør fleire gamle få lov å dø i sin eigen heim? Store spørsmål vart stilt då Helse- og omsorgskomiteen møtte leiinga ved Det Medisinsk-odontolgiske fakultet og Verdighetssenteret.

Helsekomiteen lytta nøye til fagmiljøet sine framlegg om eldreomsorg i framtida.
Helsekomiteen lytta nøye til fagmiljøet sine framlegg om eldreomsorg i framtida.
Foto/ill.:
Marion Solheim

Hovedinnhold

-Dei demente er den gruppa som har minst rettar i samfunnet i dag, sa dekan Nina Langeland til forsamlinga. Ho engasjerte tilhøyrarane med sitt innlegg, som tok for seg både stoda i dag og utfordringar i framtida med tanke på eldreomsorg.

Teori og praksis

Det kom klart fram at ein må gjere noko allereie no for å handtere det aukande talet på eldre og kronisk sjuke menneske i framtida. I dag er det 220 000 nordmenn som er eldre enn 80 år. Det talet vil doble seg i løpet av dei neste 30 åra. Samstundes er det for få legar med spesialkompetanse på eldre.

Forsamlinga var skjønt einige om at det må bli meir fokus på eldreomsorg både for studentane som skal bli legar, farmasøytar og tannlegar, samt dei som studerer ernæring og helsefag. Nina Langeland slo og eit slag for at kommande fastlegar skal få rett og god opplæring når det gjeld eldreomsorg.  

Livets finale

-Korleis skal vi gå fram for å sikre dei gamle tryggleik og ei verdig avslutning på livet? Medlemmane i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget var interesserte i dei faglege vurderingane. Langeland fortalte om utdanning, rekruttering og forsking, og kom med fleire innspel til helsepolitikarane. Tilsette ved UiB forskar til dømes på smerte og demens, alderspsykiatri og livskvalitet og mestring blant dei eldre – resultata vil gjere det lettare å finne den beste vegen vidare.

Verdighetssenteret ved leiar og overlege Stein Husebø hadde og forslag. Han meinte mykje kunne løysast ved å bruke frivillege, for å få bukt med einsemd blant dei eldste. Friske eldre kan hjelpe dei gamle som er sjuke og ikkje kjem seg så mykje ut.  Husebø fortalte om visjonen, som er etablerte og organiserte frivillighetstenester i alle kommunar, på sjukeheimar, sjukehus og heime.

Diskusjonen var engasjert, og alle som var til stades var opptekne av at ein må jobbe saman for at livets finale blir så god som mogleg.