Hjem
Det medisinske fakultet

MOF deltek på Forskingsdagane

Myteknekking, proteinjakt og rusbyen Bergen. Forskarar frå Det medisinsk-odontologiske fakultet (MOF) er som vanleg aktive på Forskingsdagane. Her er guiden til opplevingane!

Hovedinnhold

Temaet for årets forskingsfestival er "Samfunn", og sidan helse er eit viktig samfunnsspørsamål, og kvar enkelt si helse er viktig for å kunne delta i samfunnet, er det sjølvsagt at forskarar frå medisin og andre helsefag deltek. Her er ei kort oversikt over kven frå MOF som deltek på kva arrangement:

 

Forskar Grand Prix 21. september

Stine Kristoffersen frå Gades institutt og Marte Innselset Flydal frå Institutt for biomedisin representerer MOF i Bergensfinalen i Forskar Grand Prix. Det er tredje år at Forskar Grand Prix blir arrangert, og sjølv om det i år er flytta til større lokale i Peer Gynt-salen i Grieghallen, forsvann alle billettane raskt. Les meir om Forskar Grand Prix på Forskingsdagane sine sider og meir om UiB sine FGP-deltakarar i På Høyden.

 

Forskningstorg på Festplassen

Laurdag 22. september er det Forskingstorg for heile familien på Festplassen. Her kan ein mellom mykje anna lære meir om aminosyrene i kroppen og korleis vi må få dei gjennom mat, om symptoma på hjerneslag og om korleis hjernen fungerer. Forskingstorget byr på interaktive opplevingar, og er kjekt for både store og små. Les meir om dei ulike stasjonane på Forskingstorget på Forskingsdagane sine nettsider. 

 

Føredrag og debattar

Kvar dag mellom 22. og 27. september, blir det føredrag og debattar om ulike tema på Chagall i Vaskerelven 1. Det startar på laurdag med ein debatt om "Sjukdommane for folk flest". Her diskuterer Mette Morken frå Institutt for indremedisin med Åsa Hammar frå Institutt for biologisk og medisinsk pyskologi og Astrid L Grasdal frå Institutt for økonomi sjukdommar som i følge media rammar "folk flest". Debattleiar er kommunikasjonsrådgivar ved MOF, Marion Solheim.

Tirsdag 25. september jaktar Oddrun Gudbrandsen på "slankeproteinet". Kan reint fiskeprotein vere redninga for overvektige? Litt seinare samme kveld diskuterer mellom andre Edvin Schei frå Institutt for smafunnsmedisinske fag Rusbyen Bergen. Kan vi lære av andre byar? Korleis skal vi takle at Bergen har aukande rusproblem?

 

Myteknekking i Studentersamfunnet

25. september blir det myter og fakta i Tivoli på Det akademiske kvarter. Jobin Varughese, stipendiat på Instituttt for kirurgiske fag, vil saman med Jarle Diesen frå Høgskulen i Bergen og Ragnhild S Hansen frå Institutt for fysikk og teknologi vise kva som er sant og kva som berre er myter. Showet vil innehalde både eksperiment direkte frå scena, og filmklipp .