Hjem
Det medisinske fakultet

Med framtida i sine hender

Arbeidet med Framtidas fakultet er i full gang. Vi slo av ein prat med ein av dei sentrale personane i arbeidet, leiar av Arbeidsgruppe 1, professor Eva Gerdts ved Institutt for indremedisin.

Hovedinnhold

-Arbeidsgruppe 1 har nett hatt møte igjen, er de ajour i arbeidet?

-Ja, det vil eg seie. Eg tenkte veldig mykje over arbeidsmengda då eg fekk forespørselen om å leie gruppa, og insisterte på ein tidlegare start enn det som opprinneleg var planlagt. Det er eg glad for i dag. Vi er ved godt mot, og vi klarer nok å gjenomføre arbeidet innanfor tidsramma.

-Kor krevjande er ein slik jobb?

-Det er krevjande - og ikkje minst særs lærerikt. Ved å gå inn og analysere dagens struktur har eg fått auka kunnskap om eigen organisasjon. Arbeidet vart faktisk litt annleis enn eg først tenkte, litt meir utvida. Det handlar om at nye spørsmål dukkar opp etterkvart som ein får meir kunnskap. Men eg vil understreke at dette ikkje handlar om å lage eit nytt fakultet, vi skal ikkje rive ned stein for stein og bygge alt opp igjen. Vi følger mandatet vårt, og vi vil foreslå å organisere oss på ein måte som gjev enda betre mogleik for topp forsking og utdanning.

-Mange er spente – kva kan du røpe om arbeidet så langt?

-Vel, vår rapport skal leggast fram 14. mai. Vi utgreier dei spørsmåla som er stilt, vi skal jo faktisk ikkje bestemme noko som helst. Andre avgjer det endelege resultatet. For meg å gå inn i detaljane vi arbeider med i gruppa, det er litt vanskeleg no. Men for mange av dei tilsette på Det medisinsk-odontologiske fakultetet vil ikkje kvardagen endre seg så mykje. Det er på det organisatoriske planet endringa vil skje.

-Kva organisatoriske prinsipp jobbar de etter?

-Vi har definert at best mogleg undervising og forsking har behov for litt ulike typar organisering. Når det gjeld undervisinga er det mykje som talar for at det er best å tenke heilskapleg, det vil seie at undervisinga bør bli meir tverrfagleg. Studieprogrammet skal jo svare på samfunnet sine behov, og vi står framfor mange endringar i helsevesenet. Vi skal utdanne morgondagen sine legar, og må tenke på til dømes Samhandlingsreformen. Dessutan er det nok slik i dag at undervising har lågare status enn forsking her i Bergen. Eit mål er å heve statusen til undervisings-delen, og auke den pedagogiske kompetansen til dei som skal lære frå seg.

Når vi ser på forskinga er det litt andre faktorar som spelar inn for å få ei optimal organisering. Vi vil halde fram med å utvikle infrastrukturen. Kjernefasilitetar er eit satsingsområde, eit anna er teknisk støtte. Ein kan seie at forskarane skal få sjansen til å bli enda meir profesjonelle, og syne att både nasjonalt og internasjonalt. Men då må vi ha eit system som sikrar forskaren mobilitet på tvers av instituttgrensene og organisasjonsgrensene, og det jobbar vi for no. I dag er instituttgrensene vanskelege å passere, det må vi gjere noko med.

-Er du spent på tilbakemeldingane etter at rapporten er lagt fram?

-Ja, det er eg. Det er ikkje eit lite arbeid som ligg bak, og vi vil jo gjerne selge ideane våre. Eg håpar verkeleg at ein del av tankegodset blir realitet, for mange område er overmodne for revisjon. Så ja, eg er veldig spent!