Hjem
Det medisinske fakultet

Heiderspris for hjarteforsking

Landsforeininga for hjarte- og lungesjuke (LHL) og Marta Ebbing har fått årets Gullegg. Prisen på 100.000 kroner frå ExtraStiftelsen Helse og Rehabilitering er delt ut til det beste forskingsprosjektet dei siste tre åra.

Hovedinnhold

Forskingsprosjektet til Ebbing og LHL handla om samanhengen mellom B-vitamin, hjarte- og karsjukdomar og kreft. Forskinga har hatt direkte nytte for menneske med hjarte- og karsjukdomar.

Prosjektet var knytt til Det medisinsk-odontologiske fakultet og Universitetet i Bergen (UiB). Marta Ebbing disputerte for ph.d-graden ved UiB i september 2010 med avhandlinga: ”Homocysteine-lowering clinical trials in Norway. Cardiovascular and cancer outcomes in the Western Norway B Vitamin Intervention Trial and the Norwegian Vitamin Trial”.  

Avhandlinga synte at det ikkje er noko grunn for hjartepasienter utan påvist B-vitaminmangel å ta tilskot med folsyre og B12 for å senke sitt homocystein. Eit slikt tilskudd ville tvert i mot være ugunstig for helsa. Vidare forsking synte at det ikkje var noko auka risiko for kreft for dei som hadde fått tilskot av folsyre.

Fakultetet gratulerar med prisen!

Du kan lese meir om Gullegget på Extrastiftelsen sine nettsider.

Saka er også omtala på LHL sine nettsider.