Hjem
Det medisinske fakultet

Lærarutveksling gjennom Erasmus-programmet

Universitetet i Bergen har motteke midlar til lærarutveksling for studieåret 2011/2012. Frist for å søke om midlar er 15. september.

Hovedinnhold

Lærarutveksling gir tilsette som underviser ved norske høgare utdanningsinstitusjonar moglegheit til å undervise ved partneruniversitet i Europa, og vice versa. Målet med lærarutvekslinga er å fremje utveksling av pedagogisk ekspertise og erfaring.

Kvifor reise på lærarutveksling?

Det er fleire gode grunnar til å reise på lærarutveksling: Det gir gode moglegheiterfor den einskilde undervisar til å knyte og oppretthalde kontakt med europeiske kollegaer og lærestader. Det gir studentar som ikkje kan delta i mobilitetsordningar høve til å dra nytte av den kunnskap og ekspertise lærarar frå andre europeiske land har. Til sist kan lærarutvekslinga stimulera høgare utdanningsinstitusjonar til å utvide og utvikle kursinnhaldet og -utvalet sitt.

Du kan lese meir om lærarmobilitet på Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SIU) sine nettsider.

 

Korleis søke om midlar til lærarutveksling?

For å søke om midlar til lærarutveksling må det må ligge føre ein gyldig Erasmus-avtale med samarbeidsuniversitet. Denne må inkludere lærarutveksling innan det aktuelle fagområdet.

Det er ingen krav til minimumslengde på utvekslingsopphaldet, men minimumsomfanget for å kvalifisere til Erasmus lærarutveksling er 5 undervisningstimar. Universitetet i Bergen har fått tilsegn på stipendmidlar tilsvarande 25 stipendveker.

Søknaden må vere godkjent av avdelingsleiar, og skal innehalde namn på den tilsette, kva universitet utvekslinga skal skje til, samt periode for den planlagde utvekslinga.

Søknadsfrist for utveksling som er planlagt gjennomført før 1. mars 2012 er 15. september 2011.

Utbetaling av midlane kan skje når utvekslinga er gjennomført og alle naudsynte avtalar og rapportar er underskrivne.

Kontaktperson ved Det medisinsk-odontologiske fakultet er Internasjonal administrativ koordinator Torill Knag.