Hjem
Det medisinske fakultet

AMEE - Internasjonal utdanningskonferanse «live» på MOF.

No får du høve til å delta på den internasjonale utdanningskonferansen AMEE utan å forlate campus.

Hovedinnhold

AMEE er ein av dei største utdanningskonferansane for medisinsk utdanning, og finn i år stad i Praha 24.-28. august.

Sidan det ikkje er mange frå fakultetet som har høve til å delta i år, tilbyr me sentrale konferanseinnlegg online.

Førsteamanuensis Ingvild Fossgard Sandøy ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin deltok på konferansen i fjor, og er full av lovord om den. Ho fortel at AMEE presenterer det nyaste av forsking innan medisinsk utdanning. Her kan ein bli oppdatert på korleis undervisning og vurdering bør leggast opp for å få mest mogeleg effektiv og djup læring blant studentane. Konferansen er ein viktig arena for dei som er opptekne av at undervisnings- og vurderingsmetodar også bør være evidensbaserte.

Dette er eit godt høve til å følgje innlegg frå leiande medisinske utdanningsmiljø, så merk deg aktuelle tidspunkt og møt opp til eitt eller fleire!

Stad: Konferanserommet, Bygg for biologiske basalfag (BBB, 3. etg).

Tid: Måndag 26.– onsdag 28. august, sjå nærare tidspunkt og tema her.  

Her kan du lese meir om konferansen på AMEE sine heimesider.