Hjem
Det medisinske fakultet

Å følgje to draumar

Han er i verdstoppen i roing dobbeltsculler, og deltok for få veker sidan i eit glitrande OL-sirkus i London. Han er også medisinarstudent ved Det medisinsk-odontologiske fakultet i Bergen. Nils Jakob Skulstad Hoff veit kva det er å ta styringa.

Foto/ill.:
NTB Scanpix

Hovedinnhold

«Drømmen ble knust.» Ei overskrift i Dagbladet, 31. august. Det var dagen derpå for dei norske OL-håpa, Nils Jakob Skulstad og Kjetil Borch. Dei hadde bevist frå før at dei høyrde til i verdstoppen i roing, og stempelet som medaljehåp fekk dei etter ei rekkje prestasjonar og topplasseringar det siste året.

Det vart ikkje medalje, dei rauk ut i semifinalen.

Men det er langtfrå ein knust mann vi møter. Legestudent Nils Jakob Skulstad Hoff kjem rett frå arbeidet på Haraldsplass Diakonale sjukehus, og tek med seg ein kaffikopp frå kiosken på Haukeland. To meter høg og med eit flott meisla ansikt. Lurer på om han får med seg alle damene som snur seg etter han? Verkar ikkje slik.

-No har eg landa, smiler han. –Det var heilt sinnsjukt, så enormt stort. Eit trøkk som vi aldri har opplevd makan til, frå alle kantar.

Nils Jakob fortel om sitt første OL, og det skal ikkje bli det siste. Trass alt, det gjekk jo ikkje heilt etter planen.

-Vi hadde jo trua på at vi skulle klare gull, seier han roleg. –Men vi var nok såpass ferske i dette gamet, vi har ikkje vore i verdstoppen så lenge. Når sant skal seiast, så var det nok stresset som gjorde til at det gjekk som det gjekk. Hadde vi hatt meir rutine… Ja, kven veit?

-Men det var første gong i OL, ikkje siste?

-Nei, det er ab-so-lutt ikkje siste OL for min del, smiler han. –No skal vi berre trene godt i vinter, og så er det jo EM om tre veker. Det er eg veldig spent på, for akkurat no for tida jobbar vi utan trenar. Men ja, eg håpar på medalje, seier 27-åringen.

Å vere blant dei beste i verda i sin idrett, krev innsats. Blod, svette og tårer. I alle fall opp mot 30 timars trening kvar veke i periodar. Korleis klarer ein å ta ei legeutdanning ved sida av alt dette?

-Å bli lege, det passar fint saman med roinga, seier Nils Jakob. -Altså, når eg sit på lesesalen blir eg trøtt i hovudet og klar i kroppen. Så er det trening, og då blir eg klar i hovudet og trøtt i kroppen. Det er ein god match! Eg kjedar meg fort, men likar både drive med roing og lesing av medisinbøker.

Tredje året på medisin er eit faktum, og for tida er det på Haraldsplass det skjer. Det er begynt å bli ei stund sidan ein 15 år gammal Bergens-gut fekk kommentarar slengt etter seg på grunn av vekta. 110 kilo. Ikkje det beste utgangspunktet for å delta i framtidige OL, men Nils Jakob tok grep.

-Eg ville gå ned i vekt. Eg prøvde meg på mange idrettar, men det var roing eg landa på. Det var så gøy, og det sosiale miljøet var supert. Roing passa for meg, seier han.

Han vart medlem i Fana roklubb, og det er han endå.

-Sidan du har gått frå overvektig tenåring til topptrent mann, er dette med ernæring og trening du er ekstra oppteken av som medisinstudent?

-Nei… Vel, eg har jo prøvd det frå begge sider, kan du seie. Eg kan forstå at det er vanskeleg. Då eg var overvektig, så trudde eg lenge at eg ikkje kunne gjere noko med det, at sånn som dette var det berre. Slik trur eg mange har det. Men no veit eg jo at det ikkje stemmer, ein kan gjere mykje sjølv.

-Det er jo eit stort fokus på unge og fedme i dag. Kva tenker du om at så mange har dette å slite med?

-Eg trur det beste ein som vaksne kan gjere med det, er å tilrettelegge og oppmuntre til fysisk aktivitet. Det er viktig. Men samstundes bør ein ikkje gjere eit kjempestort nummer ut av det, alle overvektige ungar er fullt klar over at dei er det. Og ingen har lyst å vere det.

Smilet sit laust, den kommande legen har ein avslappa veremåte som vil komme framtidige pasientar til gode.  Samstundes blir Nils Jakob Skulstad Hoff karakterisert som ein aggressiv pitbullterrier når han konkurrerer om pallplass i roing. Det er visst plass til både konkurranseinstinkt og tung teori i denne karen.

-Eg er heldig, eg får følgje to draumar på same tid, seier han sjølv. –Om ti år veit eg ikkje kva eg gjer, men eg håpar og trur eg er lukkeleg.