Hjem
Det medisinske fakultet
Nyhet

And the winner is….

At studentane på MOF har auge for det visuelle, er det ingen tvil om. Vinnarane av den store foto- og filmkonkurransen 2013 er kåra – sjå vinnarbidraga her!

Foto/ill.:
Kjell-Christian Flo

Hovedinnhold

Tema for studentkonkurransen var studiekvardag og studentaktivitet ved fakultetet. Dei innsendte bidraga vitna om den store faglege breidda ved fakultetet, men også om ein variert studiekvardag; frå grilling i lesepausar til organisert studentidrett og gruppearbeid.

-Ein får eit unikt innblikk i studentilværet, både i ulike læresituasjonar og studentaktivitetar, seier fotograf og juryformann Bjørn Erik Larsen. Fleire av bidraga held høg kvalitet, seier han, og det skortar ikkje på kreativiteten blant studentane på Det medisinsk-odontologiske fakultet!

Beste foto 

Til saman 111 innsendte bilete vart av juryen vurdert etter kvalitet, relevans og kreativitet – ingen enkel jobb i følgje jurymedlem og fakultetsdirektør Nina Mevold:  
- det er tydelig at det er lagt ned mykje arbeid i bileta, og det må me ta alvorleg.

Her er juryen si vurdering:  

1.plass: 
Kjell-Christian Flo, «09:43»

Vinnarbiletet utpeika seg allereie ved første gjennomgang av bileta. Det er eit godt, klassisk reportasjebilete, som viser ein reell læresituasjon frå praksis i studiet. Biletet fangar stemninga i rommet på ein ypparleg måte; ein våken og spent student under kyndig rettleiing og overoppsyn frå ansvarleg lege. Juryen synes det var eit godt val å nytte biletet i svart/kvitt for å halde fokuset på menneska i situasjonen.

-Vinnarbiletet vert premiert med 10 000 kr.

2. plass: 
Ingrid Cecilie Ofstad Raknes, «Evolusjon»

Det mest gjennomtenkte biletet i konkurransen. Sjølv om dette ikkje er blant dei teknisk beste bileta, er ideen så framifrå og ikkje minst relevant i høve til utviklinga av ein medisinstudent, at det fortener ein andreplass. Biletet opnar for ulike tolkingar; legg spesielt merke til påkledning, tal på studentar og rekvisittar som gir ein peikepinn på årsprogresjonen i studiet.

-2. plass vert premiert med 5000 kr.

3.plass:  
Marte Kjersheim, «Behov for nærleik»

Biletet fekk fram eit smil hjå juryen, og scora høgt på sjarmskalaen. Ein kan berre håpe at pasientane får like myke omtanke når studiet er ferdig.

-3. plass vert premiert med 1000 kr.


Heiderlig omtale:
Huyen Tran Nguyen, «Tannlegeskrekk»: 
Ein får vondt i tannkjøttet berre av å sjå på dette biletet. Biletet vert løfta fram for god komposisjon og teknisk utføring.   

Andreas Valeur, «Lese-sal»: 
Årets ordspel. Eit kreativt val av motiv, - og avslappa og god stilling i salen. Juryen håper stillinga på lesesalen er like god.

Marte Kjersheim, «Skolen med det rare i»: 
Eit vakkert stemningsbilete frå det nye odontologibygget.

Marita Fløtre, «Lesesal i det fri»:  
Kven kunne ikkje tenkje seg ein lesesalsplass som dette?

Elaheh Mahootchi, «Laboratoriearbeid»:   
Eit godt miljøbilete som gir oss eit hint om alt det spanande som skjer på laboratoriet. 

Alle som har fått heiderleg omtale vil motta ein trøystepremie. 

Beste film

I kategorien beste film hadde det innan innsendingsfristen berre kome inn ein film som møtte konkurransevilkåra. Men det var til gjengjeld ein svært sjarmerande og kreativ filmsnutt, og absolutt ein verdig vinnar av tittelen «Beste film 2013».  
– Me håpar å sjå mange fleire bidrag som dette til neste år, seier Nina Mevold. 

1. plass:
Snorre Brundtland Sæveraas, «BBB blues»

Juryen si vurdering:     
Bidragsytar har gjort seg flid med filmen, og har også komponert tilhøyrande musikk og song. Filmen viser stadar frå campus som studentar ved fakultetet vil kjenne igjen, og songteksten gir ei artig skildring av studiekvardagen til ein medisinstudent. Kan det bli årets sommarhit?

Sjå filmen her

    -Vinnarfilmen vert premiert med 10 000 kr.

      Utstilling?

      Kommunikasjonsrådgjevar Marion Solheim er overvelda over den positive responsen frå studentane.
      - Det boblar over av kreativitet her på MOF! Dette må me dele med omverda, seier ho. Kven veit, kanskje det vert utstilling til hausten?