Hjem
Det medisinske fakultet
Strategiprosess

Strategiprosessen ved fakultetet

Styret ved Det medisinsk-odontologiske fakultet har vedteke at det i laupet av 2009 skal lagast ein ny strategiplan for fakultetet. Prosessen skal vera open og framdrifta i arbeidet vert difor synleggjort på nettet.

Hovedinnhold

For å sikra involvering får instituttleiarane god innverknad på prosessen gjennom å vera referansegruppe. Planen for våren syner at mykje av prosessen vil skje innafor institutta, med instituttleiarane som prosessleiarar, og arbeidsutvalet som støttespelarar. Det er òg lagt vinn på eksterne samarbeidspartnarar, og god kontakt med studentane.

Fakultetsstyret vedtek råmer for prosessen, set ned grupper og gjer vedtak om strategi og handlingsplan. Strategigruppa har ansvar for framdrift, spelar inn framlegg til prosessen og til strategien, og utformar framlegg til strategi og handlingsplan. Strategigruppa er ansvarleg for skriftleg rapportering til Fakultetsstyret etter kvart møte. Det er Strategigruppas ansvar å kalla inn referansegruppene, og nytta deira innspel slik Strategigruppa finn det best, i dialog med Fakultetsstyret.

Arbeidsutvalet er eit sekretariat for Strategigruppa. Ho hentar inn dokumentasjon, planlegg og førebur møta i Strategigruppa og referansegrupper, førebur rapporteringane til Fakultetsstyret, og står for skrivearbeidet for Strategigruppa (knytt til strategi og handlingsplan/ar).
Meir informasjon om strategiprosessen finn ein her