Hjem
Det medisinske fakultet
Nyhet

Nobelprisvinnar til Bergen

Møtet mellom ein ung virolog og ein døyande AIDS-pasient enda med Nobelprisen i medisin og fleire tiårs intens jakt på ein kur for AIDS. I dag kom Françoise Barré-Sinoussi til Bergen for å øse av sin kunnskap.

Françoise Barré-Sinoussi - utsikt frå Ulriken
Nobelprisvinnar Françoise Barré-Sinoussi vitja Bergen i dag for å forelese på årets Falch-forelesing.
Foto/ill.:
Jørgen Barth, UiB

Hovedinnhold

Bergen, 12. september 2014: -Det er utruleg nydeleg her. For ei utsikt! Det er første gong i Bergen for meg, dette. Og eg hadde ikkje drøymt om at det skulle vere så vakkert.

Françoise Barré-Sinoussi smiler breidt og klemmer den blå jakka litt tettare om seg i vestlandslufta. Ho har nett teke bana opp til Ulriken og skodar no ut over byen. Eit lite knippe av gode kollegaer er med, praten går ivrig. Snart skal ho ned på Haukeland Universitetssjukehus og halde årets Søren Falch-foredrag, samt vere med på kollega og UiB-forskar Birgitta Åsjø sitt æresseminar.   


Barré-Sinoussi er ei lita, vever dame med milde auge og vilje av stål. Kort, grått hår, klassiske briller og mørkeblått, tynt skjerf rundt halsen. 67-åringen har via heile sitt vaksne liv til kampen mot AIDS, og det har vore eit fargerikt liv. Sjølv seier ho det heile starta med tilfeldigheiter.

 

Paris, 30. juli 1947: Françoise Barré-Sinoussi kjem til verda. Frå ho var lita og sprang rundt i gatene i Paris på 50-talet var ho fascinert av alt som var i live. Plantar, dyr, menneske.

-Eg var alltid oppteken av det som levde, fortel ho. 

-Eg likte å observere korleis dyr såg ulike ut, til dømes. Og oppførte seg ulikt. Kanskje eitt dyr såg sjukt ut, eitt var friskt. Eg var veldig fascinert av slike ting. Eg anar ikkje kvifor, men sånn var det berre. Og då eg byrja på skulen, så vart det ganske klart at eg hadde lett for den type kunnskap. Det berre… vart slik. Ingen i familien var legar eller forskarar eller noko slikt, men mor mi hadde nok same interessene, då. Men mor mi studerte aldri, det gjorde eg, seier ho.


Og den unge Françoise Barré-Sinoussi studerte både lenge og godt. I 1970-åra utdanna ho seg ved Pasteur Instute i Paris og tok doktorgraden i 1975. Forskinga hennar fokuserte på ei spesiell gruppe virus, nemleg retrovirus. Kunnskapen ho opparbeidde seg og formidla på dette feltet enda med at ho var heilt i front i oppdaginga av HIV.


I starten av 1980-talet råda det stor forvirring omkring kva sjukdom som gjorde at unge, spreke menneske på mystisk vis vart sjuke. Immunforsvaret såg ut til å kollapse, og ingen skjønte kvifor. 

 

Gjennombrotet kom i 1983, og det var Françoise Barré-Sinoussi og hennar kollega Luc Montagnier som oppdaga viruset. Oppdaginga skulle vise seg å vere eit vendepunkt, for AIDS spreidde seg til land etter land og forårsaka sjukdom og død overalt.


For den unge virologen Barré-Sinoussi var det spesielt eitt møte som skulle vise seg å bli eit vendepunkt for henne.

- Eg var i San Fransisco i 1984 for å halde eit foredrag. På den tida var det svært mange som var blitt smitta av HIV der. Vel, etter at foredraget på San Francisco’s General Hospital var over kom ein lege bort til meg og spurte om eg kunne bli med å møte ein pasient som låg for døden. Han hadde AIDS. Og han hadde bede om å få treffe meg. Eg sa sjølvsagt ja. Sjølvsagt. Så vi gjekk inn på rommet hans. Og der låg han, blant maskiner og slangar. Han hadde svært tungt for å puste, og klarte nesten ikkje å snakke, fortel Barré-Sinoussi og ser vekk ei kort stund.

 

-Det var frykteleg trist å sjå korleis han hadde det. Så tok han tak i hendene mine. Eg har framleis kjensla av hendene hans på mine… Og han prøvde å seie noko. Til slutt skjønte eg det. Han sa «takk». Eg såg på legen hans, og sa «Kvifor takkar han meg, han døyr jo?» Og legen forklarte kva mannen prøvde å seie. «Ikkje for meg. Men for alle dei andre som kjem etter meg.” Kjære Gud, tenkte eg. Eg må kjempe. Eg må kjempe for dei andre. Eg har ikkje noko val, seier Barré-Sinoussi.


Og det har ho gjort sidan. Frå kongressar i elegante, overdådige bygg, til landsbyar i Kambodsja. Ho har tala Paven og Vatikanet midt i mot, kritisert slappe presidentar og ikkje minst forska vidare. 

-Paven svarte forresten aldri på det opne brevet mitt, seier ho tørt. Ho hadde sagt klart og offentleg i frå at Pave Benedict XVI måtte gjere meir for å få folk til å bruke kondom for å hindre HIV-smitte. Barré-Sinoussi har ikkje stussa på å utfordre makt og mynde i kampen mot AIDS. –Av og til verkar det, av og til ikkje, konstaterer ho.

 

Stockholm, 10. desember 2008: Årets einaste kvinnelige nobelprisvinnar stig fram i scenelyset på erværdige Konserthuset i Stockholm. Svart, lang kjole. Rak i ryggen. Der framme står den svenske kongen, Carl Gustaf med sjølvaste nobelprisen. Seinare i kveld skal ho halde han i armen og konversere under nobelbanketten.

-For å vere heilt ærleg – eg var ekstremt nervøs den dagen, men ikkje på grunn av prisen. Barré-Sinoussi bryt ut i ein hjarteleg latter.

-Eg var ikkje van med å gå i sånne sko, og ikkje ein slik lang kjole! Og eg skulle gå ved armen til den svenske kongen, ned ei lang trapp. Tenk om eg datt, haha! Eg var så stressa, og alle såg på meg… Eg huskar at eg leita febrilsk etter eit kjent ansikt i forsamlinga. Til slutt såg eg ein gammal venn der nede, og eg klarte å trekke pusten og komme meg ned trappa, ler ho.

-Den dagen, det var som ein draum, veit du. Sjølv i dag, etter seks år, så lurer eg av og til på om den dagen faktisk skjedde. For å seie det slik: Det var stort. 


Françoise Barré-Sinoussi fekk nobelprisen i medisin for forskinga si på HIV. Prisen dette året var tredelt, og Barré-Sinoussi fekk pris saman med Luc Montagnier for deira felles forsking. Den andre halvparten av prisen gjekk til ein kreftforskar, Harald zur Hausen.

 

Melbourne, Australia, 17. juli 2014: Det er dagen ho aldri kjem til å gløyme. Dagen då passasjerflyet frå Malaysia Airlines vart skote ned over Ukraina. 298 menneskeliv gjekk ut av tida. Bilder av likrestar, av ungane som hadde døydd, av vrakrestane som viste ein Boeing 777 som knakk i to og vart fullstendig knust då det traff bakken.


Blant dei omkomne passasjerane var også seks medlemmar av IAS, på veg frå Amsterdam til ein AIDS-konferanse i Melbourne i Australia.

-Eg fekk telefonen tidleg på morgonen, eg trur klokka var seks. Det var travle tider, som vanleg. Så fekk eg altså den telefonen, då. Og eg nekta å tru det. Det kunne ikkje vere sant. Etter kvart måtte eg innsjå kva som hadde skjedd, men vi visste ikkje kor mange som var omkomne. Men eg fekk beskjed ganske raskt om at to av mine nære, gode kollegaer var blant passasjerane. Eg forsto ikkje at eg aldri skulle få sjå dei igjen. Det var… innvendig panikk. Og smerter. Og ikkje minst, eg var sint. At dette skulle skje på grunn av storpolitikk mellom Ukraina og Russland… Eg vart så sint. Det har vore tungt etterpå, det må eg seie, seier Barré-Sinoussi.

 
Likevel ser ho framover. Kampen mot AIDS er langt frå over.

-Eg brukte å vere ganske optimistisk, smiler ho. Men augene er triste. Dei har sett mange skjebner.

-I dag kan AIDS-pasientar leve lange, gode liv med rett behandling. Og på grunn av det er Europa, USA og Australia blitt apatiske til HIV og AIDS, seier Barré-Sinoussi.   

-Folk i i-landa ser heller ikkje all liding og død sjukdomen forårsakar i fattigare delar av verda. Det er grusomt. Og så er det framleis slik at det er knytt stigmatisering i samband med AIDS. Det er framleis slik at folk med AIDS blir stempla som horer, homofile, rusmisbrukarar… Vi må slutte med det der, seier ho og rister oppgitt på hovudet.


-Alle kan få AIDS. Sånn er det, ferdig snakka. På grunn av denne stigmatiseringa er det uendeleg mange som vel å ikkje teste seg for HIV. Eit av dei store problema er at så mange går rundt med HIV utan å vere klar over det. Så smittar dei andre, og så vidare. Det er nok utruleg mange som er smitta utan å vite det. Og det er eit kjempeproblem. Vi må ha meir fokus på dette, og det er det eg jobbar for.

-Eg håpar og trur at ein dag vil vi ha ei vaksine på plass, eller ein kur, eller i alle fall endå mykje betre behandlig for HIV og AIDS. Men i mellomtida må vi stå på. Det er der min motivasjon ligg, seier ho.


-Eg meiner det er mi plikt å snakke for dei mange som blir sjuke og døyr av AIDS. Og vi må vere mange som kjemper saman i den kampen. Eg må gjere det for dei andre. Det var det eg lova meg sjølv den gongen eg møtte den døyande mannen i San Fransisco. Det gjeld enno, avsluttar Françoise Barré-Sinoussi. Stemma er utan eit snev av tvil.