Hjem
Det medisinske fakultet
Nyhet

Ferske masterkandidatar i ernæring klare for arbeidslivet

Fredag 4. september var det duka for vitnemålsseremoni for å feire dei som har oppnådd mastergrad i klinisk- og human ernæring våren 2015.

Bunadskledde studentar i klinisk ernæring
Bunadskledde masterkandidatar i klinisk ernæring med vitnemåla sine.
Foto/ill.:
Jutta Dierkes

Hovedinnhold

Rektor Dag Rune Olsen, visedekan Inge Fristad og professor Jutta Dierkes sto for utdelinga då dei 11 tidlegare studentane mottok vitnemåla sine frå masterprogramma i klinisk- og human ernæring ved Det medisinsk-odontologiske fakultet.

Dei tidlegare masterstudentane var ferdig med studia sine våren 2015, og det var kjekt å treffe kvarandre igjen for å motta bevis på vel fullførte studium. Med ein mastergrad i ernæring er dei no klare for å bytte ut studiekvardagen med arbeidslivet, og det er med stolthet og glede fakultetet kan gratulerere og ønske dei lykke til vidare med framtida.

Dei to mastergradsprogramma er populære studier ved Det medisinsk- odontologiske fakultet. Om du ønskjer å lese meir om dei, finn du informasjon om studieprogramma her.