Hjem
Det medisinske fakultet
Ny publikasjon

Fersk bok om hormonsystemet sin påverknad på kropp og helse

Boka "Hormonbalansen" er nyleg publisert på J.M Stenersen Forlag, og tek for seg korleis hormon verkar, og dei mest vanlege plagene og sjukdomane som er knytt til hormonsystemet vårt.

Illustrasjonsfoto: Hormonbalanse
Foto/ill.:
Illustrasjonsfoto: Colourbox

Hovedinnhold

Forfattaren av boka er professor II ved Klinisk institutt 2 og overlege ved medisinsk avdeling på Haukeland Universitetssjukehus, Kristian Løvås.

Boka er populærmedisinsk og formidlar fagkunnskap om korleis hormonsystemet heng saman med ei rekkje ulike tilstandar som til dømes stress, forelsking, trening, aldring eller slanking.

Her finn ein også råd om korleis ein kan nytte denne kunnskapen for å ta gode val for sin eigen kropp og helse.

På forlaget sine nettsider finn du meir informasjon om boka. Her kan du også lese eit utdrag av boka.