Hjem
Det medisinske fakultet
Nyhet

CCBIO sin forskarskule opna

Til glede for unge forskartalent og framtidas pasientar. I går opna Centre for Cancer Biomarkers, CCBIO, sin forskarskule for kreftforsking.

Mingling i vrimlearealet ved opninga av CCBIO Research School for Cancer Studies
Foto/ill.:
Jørgen Barth

Hovedinnhold

Blomster, ivrig diskusjon og breie smil. CCBIO, eitt av sentra for framifrå forsking, ser framover og satsar på dei unge. Kreftforskar i verdstoppen og CCBIO-direktør Lars Akslen har lagt ned mykje arbeid for å få forskarskulen i boks.

-Det er dei unge forskarane som skal ta oss inn i framtida, sa han før dørene opna. –Ei framtid med stadig fleire kreftpasientar. Difor satsar vi på dei unge talenta. Her på forskarskulen skal vi kurse nye forskarar. Dei skal få opplæring i forske, korleis presentere og formidle forsking, korleis leie forskingsmøter. Og ikkje minst blir det ein arena for gode diskusjonar.


Leiar for forskarskulen, Anne Christine Johannesen, kunne ikkje vore meir einig.

- Det er klart vi må satse på framtidas forskarar, sa ho.

-Vi skal ikkje sjå oss for mykje tilbake i tid. Vi skal tenke framover. Og satse på at dei unge i dag blir mykje flinkare enn det vi er, smilte ho.


Nettverk og harde fakta

CCBIO si kreftforsking fokuserer på brystkreft, prostatakreft, føflekkreft og gynekologisk kreft. Dette vil også vere hovudsatsingane på forskarskulen.


Dei mange oppmøtte fekk fleire gode smakebitar på god og viktig kreftforsking. Anne-Lise Børresen-Dale er ein leiande kreftforskar frå Universitetet i Oslo, og ho heldt foredrag om utfordringane i dagens kreftforsking, og brukte brystkreft som døme.


Prodekan for forsking, Robert Bjerknes, drog også fram kor viktig det var for dei unge forskarane å ha ein møteplass og bygge framtidig nettverk og forskingssamarbeid. Maria Omsland, som tek master i medisinsk cellebiologi, var hjartans einig.

-Det er veldig fint å samle seg i forskarskulen til CCBIO, slik at vi kan få bli kjent og utveksle idear, sa ho. Omsland vil forske på å forstå korleis cellene kommuniserer med kvarandre, men ser også kor viktig det er at forskarane kommuniserer godt.


Framtida

Til stades ved opninga var også Prorektor ved UiB, Anne Lise Fimreite.

-CCBIO er noko heile universitetet er stolte av, sa ho.

-Tida der forskaren isolerte seg på kontoret er definitivt over. Vi må ut, og vi må samarbeide. Og difor er denne forskarskulen så fantastisk. Det er så flott at dei ser vidare enn berre eitt fagfelt. Her inkluderer dei andre, både når det gjeld samfunnsfag, økonomi og vitskapsteori. Det er utruleg bra at dei ser dette i ein samanheng, seier Fimreite.


Og Lars Akslen er ikkje i tvil.

-Dette er framtida. Og i dag er eg stolt, smiler han breidt.