Hjem
Det medisinske fakultet
Nyhende

Millionar til kreftforsking

Kreftforeininga deler ut over 30 millionar kroner til kreftforsking ved UiB. Ein stor del av midla går til forskingsprosjekt ved fakultetet.

Glade kreftforskarar ved UiB saman med rektor Dag Rune Olsen og leiar for Kreftforeininga Anne Lise Ryel
Glade kreftforskarar ved UiB saman med rektor Dag Rune Olsen og leiar for Kreftforeininga Anne Lise Ryel
Foto/ill.:
Anne Sidsel Herdlevær, UiB

Hovedinnhold

- Takka vere forskinga får me stadig betre kreftbehandling, difor er forskinga livsviktig, sa generalsekretær i Kreftforeininga Anne Lise Ryel, då ho vitja Universitetet i Bergen i dag for å dele ut forskingsmiddel i millionklassen.

Totalt deler Kreftforeininga ut 173 millionar kroner til 108 ulike prosjekt i heile Noreg, og Universitetet i Bergen fekk over 30 millionar kroner av desse til 18 forskingsprosjekt. Ein stor del av prosjekta er knytt til forskarar ved Det medisinsk-odontologiske fakultet. Blant forskingsområda finn ein mellom anna bryst- og lungekreft, hjernekreft og blodkreft.

Eit kvalitetsstempel

I hovudutlysinga frå Kreftforeininga er det berre kvalitetsvurderingar som ligg til grunn for løyving av støtte til prosjekta. Vurderingane er gjort av fagekspert, og det er berre dei beste som når opp og får tildelt støtte. Tildelinga av desse midla til forskarane i Bergen er difor først og frem eit kvalitetsstempel, står det i ei pressemelding frå Kreftforeininga.

- Det er berre dei aller beste i landet som får pengar i denne tildelinga, så dette er noko som heng høgt, sa Anne Lise Ryel under tildelinga.

Uunverlege frivillige

Frivillige bidrag frå gjevarar og støttespelarar dannar grunnlaget for tildelinga.

-Utan gjevarar og støttespelarane våre, ville ikkje dette vore mogeleg, seier generalsekretær i Kreftforeininga Anne Lise Ryel.

Rektor Dag Rune Olsen understreka dette viktige poenget med å seie at utan den frivillige innsatsen, ville ein ikkje hatt noko ordentleg norsk kreftforsking.

Forskarane fekk også eit sterkt møte med éin av personane som har bidratt til tildelinga. Helge Hellevik fortalde om korleis han og broren snudde sorg og fortviling til noko positivt etter deira møte med kreft i nær familie. Dei to gjekk sommaren 2014 frå Bergen til Stokke i Vestfold, samstundes som dei samla inn pengar til Kreftforeininga øyremerka kreftforsking.

-De som har fått pengar her  i dag gjer ein fantastisk jobb, sa Hellevik under tildelinga.

Du kan lese meir om tildelinga på nettsidene til Kreftforeininga og i Bergens Tidende.