Hjem
Det medisinske fakultet
Medisin

Tørre auge eller tørr munn? Det kan være Sjögrens syndrom.

Korleis kan dei som lir av Sjögrens syndrom få riktig diagnose og betre behandling? Dette vert sentrale spørsmål på det trettande internasjonale symposiet om Sjögrens syndrom i Bergen.

Tannproblem: Dårleg spyttproduksjon og munntørrhet som følgje av kronisk betennelse i spyttkjertlane, gjer at mange som lir av Sjögrens syndrom kan få problem med tannhelsa.
Tannproblem: Dårleg spyttproduksjon og munntørrhet som følgje av kronisk betennelse i spyttkjertlane, gjer at mange som lir av Sjögrens syndrom kan få problem med tannhelsa.
Foto/ill.:
Colourbox

Hovedinnhold

Ei kjensle av sand i augene, tørr munn og vanskar med å svelgje tørr mat, leddsmerter, muskelsmerter og trøttleik. Dette er nokre av dei dei mest vanlege plagene for dei som lir av Sjögrens syndrom.

- Sjukdomen er ein kronisk betennelse som rammar kjertlane i kroppen, særleg tårekjertlar og spyttkjertlar. Men sidan symptoma er så varierte og «daglegdagse» tek det ofte lang tid før ein får stilt riktig diagnose. Mange veit faktisk ikkje om at dei har sjukdomen, seier professor Roland Jonsson ved Universitetet i Bergen (UiB).

 

Betre diagnose og behandling

Jonsson er leiar for Broegelmanns Forskingslaboratorium ved Klinisk institutt 2, som skal vere vertskap for det trettande internasjonale symposiet om Sjögrens syndrom. Dei vann fram i sterk konkurranse med ei rekkje andre institusjonar, og frå 19.-22. mai inntek kring 250 deltakarar frå heile verda Bergen. Blant deltakarane er fleire pasientar med Sjögrens syndrom som tek del i ulike forskingsprosjekt.

- Symposiet er ein svært viktig møteplass både for alle som forskar på sjukdomen og for pasientane. Her blir me oppdaterte om dei siste forskingsfunna og nye forskingsprosjekt. I tillegg bidrar erfaringsutvekslinga til betre sjukdomsforståing og dermed betre diagnostisering og behandling, forklarar Jonsson.

 

Lite kjend sjukdom utan kur

Sjögrens syndrom er lite kjend, trass i at den er ein av de vanlegaste kroniske, revmatiske betennelsessjukdomane me har, og er om lag like vanleg som lupus, ei anna kronisk revmatisk liding. Ein reknar med at om lag 0,05 % av folketalet har sjukdomen. Det vil seie at i Bergen har nokre hundre personar sjukdomen. Den manglande kunnskapen om sjukdomen inneber også at mange ikkje skjønar at dei har sjukdomen.

- Eit anna av problema med sjukdomen er at det ikkje finns noko målretta behandling. Me kan med andre ord lindre symptom og plager, men det finns ingen kur som tek vekk lidinga. Nettopp difor er dette symposiet så viktig, slik at me kan gje pasientane så god behandling som mogeleg. Eit viktig tema på symposiet er at ein no freistar å nytte ulike biologiske legemiddel for å behandle sjukdomen. Dette er ein type legemiddel som har revolusjonert behandling av til dømes leddgikt dei siste ti åra, seier Jonsson.

 

Mindre ubehag for pasienten med ny teknologi

Under symposiet vil det vere både foredrag og plakatar som presenterer nye forskingsfunn. Forskarar frå Broegelmanns Forskingslaboratorium skal mellom anna gjere greie for ein ny teknologi  som er under utvikling.

- Ved hjelp av ultralyd håpar me å kunne stille diagnosen utan å måtte ta vevsprøvar, noko som vil gje mykje mindre ubehag for pasienten, fortel Jonsson.


Les meir om programmet og symposiet.