Hjem
Utdanning

Pedagogikk: Vil hjelpe dei med språkvanskar

Astrid Helene Olsen vil hjelpe andre til å kommunisere betre. For å nå det målet studerer ho pedagogikk.

Hovedinnhold

Eg likte faget godt, men eg ville ikkje ta ei lærarutdanning. Då var pedagogikk perfekt.

– Sjølv om eg eigentleg akkurat har byrja på studiet, meiner eg det allereie er veldig spanande, seier Oslojenta. 

Ho fatta interessa for pedagogikk då ho gjekk på dramalinja på vidaregåande og hadde faget Drama og samfunn. 

– Eg likte faget godt, men eg ville ikkje ta ei lærarutdanning. Då var pedagogikk perfekt. 

 

Tett miljø

20-åringen har funne seg særs godt til rette på pedagogikkstudiet, og mykje av æra for det gir ho til det gode miljøet på studiet.

– På kvart kull er det berre 40 studentar. Det gjer at du får god kontakt med førelesarar og seminarleiarar, som betyr god oppfølging og låg terskel for å spørre fagpersonane om hjelp. I tillegg er pedagogikk eit veldig ope studium, som kan nyttast til veldig mykje. Det er eit stort fag, seier ho.

Astrid har allereie byrja å sjå seg ut ei yrkesretning etter at ho er ferdig med studiane. 

– Det er spesielt to ting eg kunne tenke meg å jobbe vidare med. Anten vil bli eg bli logoped, eller jobbe innanfor psykologisk-pedagogisk tjeneste. Eg tenker det er spanande å hjelpe menneske med tale- og språkvansker. Språk er ein så viktig del av kommunikasjonen mellom menneske, så det ville vore veldig interessant å hjelpe andre til å kommunisere enklare. 

 

 

Jobbar i studentteateret

Astrid er aktiv på fleire frontar ved sidan av studiane. 

– Eg er jo interessert i drama, så eg er med i studentteateret Immaturus. Her har eg jobba som produksjonsassistent, mellom anna på oppsettinga av «Stormfulle høyder». I tillegg jobbar eg som frivillig i baren på studentutestaden Hulen. 

Bergen var ein naturleg stad å slå seg ned for Oslojenta då ho skulle velje studiar. 

 

– Eg har vore her ein del før eg flytta hit, og eg har mange vener og kjente her frå før. Men eg flytta inn i kollektiv med to jenter eg ikkje kjente frå før likevel, men det har gått kjempefint!