Hjem
Det medisinske fakultet
ernæring

Jakta på proteina

Har det noko å seie kva type protein vi får i oss? Det vil stipendiat Linn Anja Slåke Vikøren finne ut av.

Hovedinnhold

Eg kjenner meg privilegert som kan bruke tre år av yrkeslivet mitt til å fordjupe meg i eit prosjekt som interesserer meg.

Kva forskar du på? 

Saman med kollegaane mine ynskjer vi og undersøka kva helseeffektar det å eta ulike proteinkjelder til middag kan ha for overvektige. I dag er det ikkje så mykje fokus på at protein frå ulike kjelder kan ha ulike helsebringande eigenskapar. Protein vert gjerne sett på som protein uansett kva kjelde det kjem frå. Det som er spanande er at protein frå til dømes animalske- og marinekjelder er bygd opp av dei same byggesteinane, aminosyrene, men at rekkefølgja aminosyrene er sett saman på varierer. Det at rekkefølgja varierer gjer at proteina kan bli fordøydde og brotne ned i tarmen på ulik måte. I nedbrytinga vert det danna korte proteinfraksjonar kalla peptid, som kan ha bioaktive eigenskapar som gjer dei interessante i eit helseperspektiv. Vi vil undersøka om ulike proteinkjelder kan betra metabolske forstyrringar som oppstår ved overvekt og fedme. Dersom nokre proteinkjelder viser seg å vera ekstra gunstige kan det kanskje hjelpa oss å gi betre råd til overvektige i framtida.    

Korleis ser ein vanleg arbeidsdag ut? 

Mine arbeidsdagar og arbeidsoppgåver er veldig varierte. Nokre dagar kan vere reine kontordagar der eg jobbar med litteratur og artikkelskriving. Andre dagar jobbar eg med datainnsamling, rekruttering, undervising, oppfølging og analysar, altså generelt oppgåver knytt til det å vera med på eit klinisk studie. Eit døme kan vera når ein er i oppstartsfasen av eit klinisk studie og skal rekruttere deltakarar, då er arbeidsoppgåvene mine å skaffe deltakarar, formidle kva prosjektet går ut på og kva det inneber, forklare kvar dei skal møte og gjere timeavtalar. Eg møter mange kjekke og engasjerte deltakarar som syns det er spanande å kunna bidra til forsking. Utan dei hadde ikkje arbeidet mitt vore mogeleg. Eg kjenner meg privilegert som kan bruke tre år av yrkeslivet mitt til å fordjupe meg i eit prosjekt som interesserer meg.

Kva var det som gjorde deg interessert i å forske vidare?

Ernæringsfaget er eit relativt nytt fagfelt i den store samanhengen, det skjer mykje og nye forskingsartiklar kjem dagleg. Gjennom heile utdanninga har dette fasinert og interessert meg. Her er det gode mogelegheiter for å vera med på det som skjer. Etter masterutdanninga hadde eg framleis eit ynskje om å lære meir. Og då mine tidlegare rettleiarar søkte etter stipendiatar tok eg sjansen og søkte.

Kva er dine planar for framtida?

Først og fremst skal eg fullføre doktorgraden, eg har endå halvanna år igjen av stipendiatperioden. Deretter håpar eg sjølvsagt at eg finn ein jobb der eg kan bruke utdanninga mi og dei kunnskapane eg har lært gjennom den. Eg trivst godt med miksen av teoretiske og praktiske oppgåver som eg har i dag, og det er noko eg også ynskjer meg i framtida.