Hjem
Institutt for biovitenskap (BIO)

Reisebrev frå Hilo, Hawaii

Tysdag 6. Januar landa ein nervøs og spent biologistudent aleine i Hilo, Hawaii. Etter to dagar med reising og månadar med papirarbeid, visum-søking og planlegging var eg klar for eit semester i eit tropisk øy-paradis.

Hovedinnhold

Rart som det er, vert ein fort vane med å dele stranda med skilpaddane

Dei første dagane vart eg kjend med området og universitetet. Ein fekk tidleg eit godt intrykk av University of Hawaii at Hilo. Nye studentar vart henta på flypassen og køyrd til dormen. Universitetet arrangerte handleturar og orientering den første veka. Det var sightseeing i grupper, og ein vart kjent med både andre studentar og Hilo. I fellesområdet i dormen var det blant anna biljard- og bordtennis-bord som vart flittig brukt på kveldstid. Etter ei veka følte eg meg godt heime på universitetet og i dormen. All tvil og usikkerheit var vekke, og eg gleda meg til eit fantastisk semester!

 

Tilbake på skulebenken

Måndag veka etter åtkomst byrja semesteret. Eg tok dei følgjande faga: marine mammals (MARE390), public speaking (COM251), natural history and conservation of the Hawaiian islands (BIOL156) og intro to hawaiian coral reefs (MARE140). Det å gå på universitet i USA er litt som å vera tilbake på vidaregåande. Ein får lekser i kvart fag og det er forventa at ein møter opp i timen. Eksamen teller vanlegvis bare 25% av sluttkarakteren. Dette gjer at det er lettare å komme seg gjennom semesteret med gode karakterar. Faga med høg fagkode var ikkje nødvendigvis vanskelegare, men dei kravde definitivt meir arbeid. Faga i Hawaii har ofte meir lab og praktisk læring. Favorittfaget mitt var intro to hawaiian coral reef, der ein lærte om kva organismar ein fann i korallreva i Hawaii. Feltkurset i dette faget bestod av å snorkle ein gong i veka og å ta bilete av det ein fann.

 

Outdoor EdVenture

Kvar helg arrangerte universitetet ein eller fleire utfluktar via studentorganisasjonen Outdoor EdVenture . Alt frå late strand-dagar til tyngre fjellturar, snorkling, kajakking, paddleboarding og mykje, mykje meir. Dette er ein billig – det er heilt gratis, med nokon unntak – og enkel måte å utforske øya på. I tillegg til dette arrangerer universitetet dykkarkurs. Sjølv tok eg Open-Water-Diver-kurset, som er det grunnleggande dykkarkurset. Dykking i Hawaii er fantastisk. Ein utforskar korallrev og dyreliv og det er behagelege 22/23 grader celsius i vatnet. Er ein heldig støytar ein på skilpadder eller delfinar. Ein gong me dykka høyrde me ein knølkval som song. Semesteret desidert kjekkaste dykk var eit djevelrokke-nattdykk.

 

Captain Cook

Høgdepunkta etter eit halvt år i Hilo er vanskeleg å samanfatte. Då ein først kom til Hawaii var det ein fantastisk oppleving å sjå skilpadder ligge på stranda å slappa av. Hawaii er ein av berre to stadar i verda ein kan sjå skilpadder som slappar av på land. Rart som det er, vert ein fort vane med å dele stranda med skilpaddane. Etter ein stund prøver ein i staden å ligge litt unna dei for å lat dei få fred. Eit av høgdepunkta var definitivt å snorkle i Captain Cook. Dette er ein bortgøymd bukt på vestsida av øya. Om formiddagen pleier ein flokk med Hawaiiske skruedelfinar å besøke bukta. Dette er ein super måte å symje med delfinar på utan å ha dei i fangenskap. I tillegg møtte me på ein passeleg stor kvittippa revhai. Den slappa av i ei undervatns-grotte og var heldigvis ikkje særleg interessert i oss snorklarar.