Hjem
Institutt for sammenliknende politikk
Vitnesbyrd

Frå høgskulen til master i Sampol

Overgangen var litt tøff i starten men undervisinga og oppfølginga er mykje betre, seier masterstudent Mathilde Thorsen om overgangen frå høgskulebachelor til masterprogrammet i Sampol.

Hovedinnhold

Vi har gode rettleiarar som bygger oss opp, og vi blir oppmoda til å drive med det vi sjølve synst er interessant, heller enn å bli pressa inn i ein mal eller eit uttrykk som universitetet ønskjer seg.

Kvar tok du bachelorgrada din?

Eg tok bachelorgrada i statsvitskap og menneskerettar ved Høgskulen i Buskerud.

Kvifor valde du ein mastergrad i samanliknande politikk?

I tillegg til Universitetet i Bergen søkte eg på Universiteta i Tromsø, Oslo og Agder og på NTNU. Hovudgrunnen til at eg valde Bergen er fagleg. Eg var i utgangspunktet kjend med fagmiljøet på Sampol gjennom for eksempel Stein Rokkan, og hadde i utgangspunktet eit veldig godt inntrykk av heile fagmiljøet her før eg søkte. I tillegg var mulegheita til å få ein spesialisert grad i komparativ politikk attraktiv! Ein annan grunn til å velje samanliknande politikk i Bergen heller enn for eksempel Oslo var at studentmiljøet i Bergen er mindre og tettare, noko eg trur er ein stor fordel som masterstudent.

Korleis har overgangen frå bachelor til master vore?

Overgangen frå ein liten høgskule til masterkurs i samanliknande politikk var litt tøff, særleg metodemessig. Her har eg vorte introdusert for ein heilt ny måte å tenkje på, og i starten måtte eg jobbe ein god del. Men det som er bra med den overgangen er at eg har blitt veldig godt ivaretatt av førelesarane. Undervisinga går i små seminargrupper med få studentar og ein får grundig rettleiing på oppgåvearbeid. Når eg har hatt spørsmål eller sleit med ting så har eg alltid fått gode svar og blitt dratt med vidare, slik at eg i dag føler at eg ligg på akkurat det same nivået som alle andre. Å gå frå førelesingar på bachelornivå til å bli undervist i seminargrupper med få studentar har vore ein super overgang. Ein blir mykje meir engasjert i løpet av undervisinga, og ein deltek aktivt heile vegen. Det likar eg veldig godt!

Trekk fram eit særleg godt kurs du har tatt.  Kva gjorde dette kurset interessant?

Det må vere å delta i undervising med Tor Midtbø i valemnet SAMPOL332. Han er ein av dei desidert dyktigaste på sitt felt og berre det å ha han som førelesar er utruleg spennande! I dette emnet får ein verkeleg bygd opp sjølvtilliten sin og får vise at ein har noko å bidra med og at ein kan gjennomføre skikkelege og gode analysar.

Elles tykkjer eg at alle emna er godt lagt opp. Vi har gode rettleiarar som bygger oss opp, og vi blir oppmoda til å drive med det vi sjølve synst er interessant, heller enn å bli pressa inn i ein mal eller eit uttrykk som universitetet ønskjer seg.

Kva er den viktigaste kompetansen du utviklar som masterstudent i samanliknande politikk.

Det må vere evna til kritisk tenking. Du blir stadig utfordra på å vurdere ting sjølv og får mykje større innsikt i korleis for eksempel forskingsresultat og statistikk kan manipulerast. Det er ei øving i sjølvstendig tenking – og det gjer deg også mykje meir kritisk til deg sjølv og ditt eige arbeid, på godt og vondt.

Har du planar for kva du skal gjere når du er ferdig med mastergrada?

Oi, det er eit vanskeleg spørsmål... Eg veit at eg i alle fall vurderer mange fleire mulegheiter i dag enn eg gjorde før eg begynte på mastergrada. Eg har lenge hatt ein heilt klar plan om at eg vil jobbe med FN og menneskerettar, men undervegs i masterløpet møter ein også mange nye mulegheiter.

Det å vere masterstudent har definitivt opna interessa mi for å jobbe med forsking. Samtidig jobbar eg også som seminarleiar for bachelorstudentar og synst undervising verkar veldig interessant. Men eg er framleis innstilt på å jobbe med internasjonal politikk – gjerne i ein internasjonal organisasjon. Meir konkret enn det trur eg ikkje eg vil vere.

Mange skal søkje på masterprogram før 15. april. Kva bør dei tenkje på?

Følg det tipset eg følgde: Magekjensla. Men det er jo ikkje så veldig konkret. Eg trur det er lurt å tenkje gjennom på førehand kva det er du ønskjer å oppnå med å ta ein mastergrad. Ønskjer du for eksempel å fordjupe deg i metode som du kan bruke på veldig mange forskjellige tema – eller ønskjer du å fordjupe deg i eitt spesielt tema? Tida går så utruleg mykje fortare enn det ein tenkjer i utgangspunktet, og om ein har tenkt gjennom kva ein vil oppnå på førehand er det mykje lettare å nå det målet.

==============================================================

  • Masteropptaket 15. april

Søknadsskjema finner du via informasjonsidene for masteropptaket.

  • Jobbmuligheter

Se hva ferdige sampolkandidater jobber med.

  • Studentliv i Bergen

I Bergen finner du en studentforening for alt!

Se Studentsidene våre for praktisk informasjon om studentlivet.

  • Har du spørsmål?

Send e-post til studieveileder@isp.uib.no

  • Har du bachelorgrad fra et annet universitet/en annen høyskole

Her er en liste over bachelorgrader som kvalifiserer deg til masteropptaket

(Denne artikkelen ble publisert i 2017)