Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Kvalitetssikring av hiv-testing i det zambiske helsevesenet

Sheila Monde Mwangala disputerer 16. september 2016 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga 
“Quality of HIV testing services in Zambia in the era of rapid task-shifting: a mixed method investigation on test accuracy and experiences of providers”.

Hovedinnhold

Omfanget av hiv-epidemien i Zambia er framleis særs omfattande og er i stor grad med på å hemma samfunnsutvikling. Bruk av frivillig hiv-testing og rådgjeving er i denne situasjonen eit kritisk viktig verkemiddel sidan det utgjer inngangsporten til både førebygging, behandling og omsorg. For å få dette tenestetilbod ut til alle har det vore nødvendig å engasjera frivillige utan fagbakgrunn. Med basis i korte opplæringskurs utgjer denne gruppa majoriteten dei som testar og gir råd.

Eit nasjonalt system for evaluering av kvaliteten på tenestene blei etablert i Zambia, og forskingsabeidet sikta mot å generera kunnskap om kvalitet, erfaringar og resultat.
Arbeidet tok i bruk ei blanding av kvantitative og kvalitative metodar. Over ein 4-års periode blei kvaliteten evaluert ved nær 500 helseinstitusjonar. Dei frivillige med bakgrunn frå korte kurs viste seg å prestera like godt som dei profesjonelle målt ut frå testfeil, men at det samla sett var ein uakseptabel høg feilprosent. Det framkom dessutan alvorlege brot på etiske aspekt ved den individuelle rådgjevinga, og at dette var grunna i forhold ved arbeidssituasjonen. Dette forskingsarbeidet er unikt i Afrika og har generert kunnskap som er vesentleg for å endra praksis.

 

Personalia

Sheila Monde Mwangala er frå Zambia. Ho har biomedisinsk utdanning (Bachelor of Science) frå Universitetet i Zambia og Master i internasjonal helse frå Senter for internasjonal helse, Universitetet i Bergen. Sheila har vore doktorgradskandidat ved Senter for internasjonal helse med professorane Knut Fylkesnes og Karen Marie Moland som rettleiarar. Ho går attende til sin stilling ved University Teaching Hospital Virology Laboratory in Lusaka.