Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Frå Paris til Bergen – franske bøker i norsk mellomalder

Synnøve Midtbø Myking disputerer fredag 24.02.2017 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga «The French Connection. Norwegian Manuscript Fragments of French Origin and their Historical Context».

Hovedinnhold

Dei fleste bøkene frå norsk mellomalder har berre overlevd som fragment; storparten av desse finst i Riksarkivet i Oslo. Avhandlinga «The French Connection» tek føre seg fragment frå mellomalderbøker som vart laga i Frankrike – bøker som kan identifiserast på grunnlag av skrift, dekorasjonar, og innhald – og set desse inn i ein historisk kontekst. Kva veit me om kontaktane mellom Noreg og Frankrike i mellomalderen? Kva påverknad hadde fransk kultur- og samfunnsliv på den gryande norske skriftkulturen? 

Frå 1100-talet og utover voks det fram jamleg kontakt mellom Noreg og Frankrike. Nordmenn studerte i Paris og vitja franske kloster; dei tok med seg ny kunnskap heim – inkludert bøker. Fragmenta som har overlevd frå franske bøker, gjev oss eit glimt inn i den europeiske lærdomskulturen på 11- og 1200-talet, der Paris var eit hovudsete. Noreg vart òg integrert i denne kulturen, noko fragmenta vitnar om. 

Etter reformasjonen på 1500-talet, og særleg etter at trykkekunsten vart meir utbreidd, gjekk dei handskrivne bøkene ut av bruk. Mange har likevel overlevd fordi pergamentet dei vart skrivne på, kunne skjerast opp og nyttast til andre føremål. Dei mange bokfragmenta i Riksarkivet er dimed ei verdfull kjelde til norsk bokkultur i mellomalderen, men ingen har tidlegare gjort nokon systematisk studie av dei franske fragmenta og den historiske konteksten deira. 

Frå historiske kjelder veit me at mange nordmenn i mellomalderen hadde studert i Frankrike – to døme på dette er Arne Sigurdsson og broren Audfinn, som båe var biskopar i Bergen på tidleg 1300-tal. Når det viser seg at teologiske og juridiske bøker er høgt representerte i det franske fragmentmaterialet, får me stadfest og utvida biletet vårt av mellomalderens norske bok- og lærdomskultur – ein kultur som var til stades i alle norske mellomalderbyar, ikkje minst i Bergen.

Personalia
Synnøve Midtbø Myking (f. 1985) er oppvaksen i Knarvik og har ein mastergrad i fransk språkvitskap frå Universitetet i Oslo.