Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Flåttoverførte infeksjonar i Sogn og Fjordane

Reidar Hjetland disputerer fredag 15. september 2017 for dr.philos-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga «Tick-borne infections in Sogn og Fjordane, western Norway: Seroprevalence, risk factors and subjective health complaints in blood donors.»

Hovedinnhold

Skogflåtten Ixodes ricinus kan overføre ulike mikrobar som kan gi sjukdom hos menneske. Den vanlegaste infeksjonen i Noreg er på grunn av bakterien Borrelia burgdorferi, men også skogflåttencefalitt (tick borne encephalitis, TBE), og human granulocytær anaplasmose er dei seinare åra påvist i landet.

1 213 blodgivarar frå dei fire blodbankane i Sogn og Fjordane deltok i prosjektet, som omfatta utfylling av eit spørjeskjema og blodprøvar for undersøking av flåttoverførte infeksjonar.

2/3 hadde hatt flåttbitt, knapt 1/3 i løpet av siste år. Blodgivarane frå Lærdal i indre del av fylket rapporterte færrast bitt. Tal flåttbitt auka i takt med tid brukt ute i skog og mark i sommarhalvåret. Hos yngre var det flest flåttbitt hos menn, hos dei over 50 var det flest hos kvinner. 23 % hadde hatt utslett kring bittstaden, ein del unngjekk visse område av frykt for flåttbitt.

9,6 % hadde antistoff av IgG-type mot Borrelia-bakterien, som er lågare enn kva som er rapportert frå Agder-fylka i sør. Det var lågare førekomst av antistoff hos blodgivarane i Lærdal. Førekomsten auka med alderen, og var høgst hos menn. Det vart også utført samanlikning av ulike testar for Borrelia-antistoff.

Ingen hadde spesifikke antistoff mot TBE-virus, det var altså ikkje haldepunkt for at TBE finst i dette fylket.

Eit tilfeldig utval vart undersøkt for antistoff mot bakterien Anaplasma phagocytophilum, og 16 % hadde positiv reaksjon av ulik styrkegrad, noko som tyder på at sjukdomen human granulocytær anaplasmose førekjem i fylket.

Spørjeskjemaet omfatta spørsmål om generell funksjon, fysisk form og ulike subjektive helseplager. Det vart ikkje funne haldepunkt for at personar med mange flåttbitt eller Borrelia-antistoff hadde fleire helseplager enn andre.

Personalia
Reidar Hjetland (f. 1956) tok medisinsk embetseksamen i Bergen i 1982. Han er spesialist i medisinsk mikrobiologi, og er overlege og avdelingssjef ved mikrobiologisk avdeling i Helse Førde. Avhandlinga utgår frå Klinisk institutt 2.