Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Nye numeriske metodar for oppsprukke porøse medier

Runar Lie Berge disputerer 15.11.19 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga «Numerical methods for coupled processes in fractured porous media».

Hovedinnhold

Eit porøst medie er eit materiale som består av mange små porer som væske kan strøyme gjennom. Porøse medier finnast overalt rundt oss; frå menneskeskapte materialar som betong, mørtel, og membranar til naturlege materialar som stein, bein, og sand. Sprekkar i det porøse mediet er av svært stor interesse då sprekkane kan verke som kanalar for flyt (sprekkar i eit betonghus kan fører til lekkasjar). I tillegg vil sprekkane påverke materialet, og føre til svakheiter som kan føre til sammanbrudd.

Eit viktig hjelpemiddel i analysen av oppsrukket porøse medier er å bruke datasimuleringar. Ein av dei store utfordringane er å representere den komplekse geometrien som sprekkane kan ha. I sin avhandling presenterer Berge nye metodar for å representere sprekkar som gjer det mogleg å bruke avanserte datasimuleringar.

I avhandlinga blir det også presentert nye numeriske metodar for å simulere koplinga mellom væske-flyt, deformasjon av den porøse strukturen, og deformasjon av sprekkar. Dette gjer det mogleg å studere kompliserte tilfelle som for eksempel geotermisk energi, energi lagring, eller CO2 lagring.

Personalia

Runar Lie Berge er født i 1992 og oppvekst i Lindås kommune i Nordhordaland. Han har ein mastergrad i industriell matematikk frå NTNU frå 2016. I perioden 2016-2019 har han arbeida med avhandlinga ved Matematisk institutt ved UiB.