Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Gir «gastric sleeve» langvarige helsegevinstar?

Tone Nygaard Flølo disputerer fredag 24. januar 2020 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: «Long-term outcomes after vertical sleeve-gastrectomy».

Hovedinnhold

Ulike kirurgiske inngrep kan gje pasientar med alvorleg fedme eit reelt håp om langvarig vekttap med betring i helse og helserelatert livskvalitet. Vertikal ventrikkelreseksjon («gastric sleeve») er ein relativt ny operasjonsmetode som trass i manglande langtidsdata vert brukt i aukande grad. Metoden inneber at det meste av magesekken vert fjerna, og berre eit tynt «erme» («sleeve») står igjen mellom spiserøyr og tolvfingertarm.

Doktorgradsarbeidet inkluderer tre prospektive observasjonsstudier med data frå i alt 409 pasientar med alvorleg fedme - frå før vertikal ventrikkelreseksjon og fram til fem år etter. Dei fleste pasientane hadde eit betydeleg vekttap, men om lag 1/3 av desse erfarte ny vektoppgang, tilsvarande 10 kg eller meir, mellom eitt og fem år etter kirurgi. Måling av livskvalitet på ulike nivå viste ei generell betring og samvarierte i stor grad med omfang av vekttap. Fysisk livskvalitet betra seg meir enn mental livskvalitet.

I ein av studiane såg Flølo spesielt på komplikasjonar og fedmerelaterte sjukdomar. Få pasientar (6%) fekk alvorlege komplikasjonar, og over 60% av pasientane hadde tilbakegang av diabetes type 2 og høgt blodtrykk. Ein fann inga endring i førekomst av medikamentbehandla angst og depresjon fem år etter kirurgi. Førekomst av behandlingstrengande refluxplager auka frå 12 til 35%.

På bakgrunn av den individuelle variasjonen i langsiktig vektutvikling har Flølo vidare undersøkt i kva grad forventa kontroll over matinntaket kan predikere vekttap og livskvalitet. Operasjonen bidrog til å styrke pasientane si oppleving av kontroll over matinntaket, og denne styrkinga predikerte høgare vekttap og betre livskvalitet over tid.

Doktorgradsarbeidet tilfører ny kunnskap om langtidsresultat etter vertikal ventrikkelreseksjon. Resultata viser at metoden er trygg og effektiv. Førebygging av ny vektoppgang og gastroøsofageale refluxplager framstår som særlege utfordringar. Individuell variasjon i utkome kan krevje betre pasienttilpassa oppfølging.

Personalia

Tone Nygaard Flølo (f.1969) har mastergrad i helsevitskap frå Universitetet i Bergen (2013), Bachelor i sjukepleie frå Høgskulen i Hedmark/Bergen (2001) og Cand. Mag: Jus, psykologi og sosiologi, frå Universitetet i Oslo og Bergen (1996).Doktorgraden utgår frå Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Universitetet i Bergen, og Haukeland universitetssjukehus, avdeling Voss sjukehus. Hovudrettleiar har vore professor John Roger Andersen, med professor Grethe Seppola Tell, Anny Aasprang og Ronette Kolotkin som medrettleiarar.