Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Rockens rolle innan kriminalomsorg og ettervern

Lars Tuastad disputerer fredag 24. oktober 2014 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: «Innanfor og utanfor – Rockens rolle innan kriminalomsorg og ettervern».

Hovedinnhold

Doktoravhandlinga byggjer på erfaringar Tuastad har frå prosjektet ”Musikk I Fengsel og Frihet” (MIFF), og eit aksjonsforskingsprosjekt med Me and THE BAND`its, eit rockeband beståande av tre tidlegare innsette og doktorgradsforfattaren.

Mål for aksjonsforskingsprosjektet var å forbetre praksis, og å utarbeide konsertføredrag basert på deltakarane sine eigne forteljingar og songar. Avhandlinga viser at deltaking i bandfellesskapet har ført til omfattande endringar i tilværet til bandmedlemmene. Det har medverka til sjølvrefleksjon, sjølvinnsikt og bevisstgjering. Dessutan har ein fått jobba aktivt mot mål som er sett, noko som mellom anna har innebore eit utal konsertar, konsertføredrag, reising og positive tilbakemeldingar  frå publikum.

Funn i avhandlinga vert diskutert i eit sosiokulturelt perspektiv, med vektlegging av omgrepa praksisfellesskap og stillas for læring. Tuastad viser korleis bandmedlemmene i bandfellesskapet drar nytte av ressursane til kvarandre, og utviklar seg gjensidig, både individuelt og som band. Konklusjonen er at Me and THE BAND`its representerer ei alternativ stemme i høve til meir tradisjonelle behandlingstilbod innan kriminalomsorga.

Avhandlinga er artikkel-basert. Den første artikkelen undersøker korleis musikk kan vere ein fridomspraksis både innanfor og utanfor murane. I artikkel to er temaet identitetskonstruksjon i Me and THE BAND`its, og korleis rockekultur i ein slik samanheng kan vera ein ressurs. Den tredje artikkelen undersøker korleis medlemmene i Me and THE BAND`its oppfattar sjølvhjelpsomgrepet, og korleis dei forhandlar fram meiningar kring dette omgrepet. Artikkelen konkluderer med at Me and THE BAND`its ikkje er ei sjølvhjelpsgruppe, men at bandfellesskapet likevel kan tilby sjølvhjelpsfunksjonar for bandmedlemmene. Bandet si eigenkraft kan dermed mogleggjere musikken som ein potensiell veg ut av kriminalitet.

 

Personalia

Lars Tuastad (f. 1967) har mastergrad i musikkterapi ved Universitetet i Bergen. Han har i tidsperioden 2000-2010 vore tilsett som lærar ved Åsane Vidaregåande Skule, avdeling for fengselsundervisning, og dessutan vore tilknytt ettervernsprosjektet «Musikk I Fengsel og Frihet». Doktorgradsarbeidet er utført ved Griegakademiet – Institutt for musikk i tidsperioden 2010 – 2014 med professor Brynjulf Stige som rettleiar.