Hjem
Nye doktorgrader
ny doktorgrad

FN og palestinske flyktningleirar

Kjersti G. Berg disputerer onsdag 4. februar 2015 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: ”The unending temporary. United Nations Relief and Works Agency (UNRWA) and the politics of humanitarian assistance to Palestinian refugee camps 1950–2012”.

Hovedinnhold

Avhandlinga undersøker det politisk sensitive forholdet mellom FNs hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar (UNRWA) og palestinske flyktningleirar. Fokuset i avhandlinga er på korleis UNRWA har bygd, gjenoppbygd og administrert flyktningleirar etter krigane i 1948 og 1967 og fram mot i dag. Kva har vore UNRWAs ansvar for flyktningleirane? Studien viser at UNRWAs rolle har blitt stadig meir begrensa, særleg når det gjeld å styre leirane. Ei viktig årsak til det er eit svakt humanitært mandat under politisk press i skiftande politiske kontekstar. Over tid blei leirane i stor grad marginaliserte.

På eit overordna nivå undersøker Berg spenningsfelt mellom humanitær bistand, politikk og makt. Flyktningleirar, nødhjelp og UNWRA er alle definerte som midlertidige. Samtidig som nødhjelp var livsviktig, førte denne hjelpa til at leirane blei langvarige, med låg levestandard. Eit anna dilemma Berg viser er bruken av bistand under langvarig israelsk okkupasjon, der leirane har blitt sett på som militære mål. Med humanitære mål har UNRWA søkt å bygge opp igjen det Israel har øydelagt under krigshandlingar. Berg argumenterer for at gjenoppbygging utan å kreve kompensasjon for øydeleggingar, letter Israels ansvar under internasjonal humanitær lov.

Studien er relevant for andre langvarige flyktningproblem, der flyktningane ikkje får vende tilbake til heimlandet, men heller ikkje blir permanent busette i vertslanda. I fråveret av politiske løysingar har langvarig, midlertidig bistand blitt ein del av den større konflikten. Arbeidet er eit nybrottsarbeid, då Berg er den første som har fått tilgang til UNRWA sine arkiv om dei palestinske flyktningleirane. Avhandlinga er også basert på intervju med tilsette i UNRWA og besøk i leirar på Vestbreidda, Gaza, Syria og Jordan.

 

Personalia:

Kjersti Gravelsæter Berg (f. 1975) frå Bryne er cand.philol. med historie hovedfag frå Universitetet i Bergen. Berg er midlertidig tilsett som universitetslektor ved Institutt for arkeologi, historie, kultur og religionshistorie (AHKR) ved Universitetet i Bergen.