Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Studiar av mutasjonar bak dødelig syndrom

Svein Isungset Støve disputerer onsdag 4. mars 2015 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen: "Functional analysis of Na-acetyltransferanse 10 (NAA10) variants identified in patients with genetic disorders".

Hovedinnhold

Ogden-syndrom er eit arvelig syndrom som først blei oppdaga i to familiar i USA i 2011. Dette syndromet er forårsaka av ein mutasjon i genet NAA10 som sit på X-kromosomet, og rammar berre gutebarn. Gutar som blir ramma av Ogden-syndromet har mellom anna alvorleg utviklingshemming og dør før dei når ein alder av to år. I denne avhandlinga blir det forsøkt å forstå kvifor denne mutasjonen er dødelig hos menneske, kva effekt mutasjonen har på proteinet genet NAA10 kodar for, og kva effekt denne mutasjonen har på eit cellulært nivå.

Genet NAA10 kodar for eit enzym som katalyserer ei kjemisk modifisering kalla N-terminal acetylering.

Om lag 80 prosent av alle protein i kroppen blir kjemisk modifisert gjennom denne prosessen, men trass i at ein så stor del av alle protein blir N-terminal acetylert, veit ein framleis veldig lite om funksjonen til denne proteinmodifikasjonen. Arbeidet presentert i avhandlinga viser mellom anna at den muterte varianten av Naa10 har redusert katalytisk aktivitet, og ein redusert funksjonalitet i ein cellulær kontekst. Avhandlinga viser også at primærceller frå pasientar ramma av Ogden-syndromet både har veksthemming, redusert evne til migrering og eit redusert nivå av N-terminalt acetylerte protein.

I tillegg til arbeidet med mutasjonen som forårsakar Ogden-syndromet, skildrar avhandlinga også identifiseringa av to nye mutasjonar i NAA10 som har vorte oppdaga i ein gut og ei jente med utviklingshemming. Også desse mutasjonane fører til ein reduksjon i katalytisk aktivitet, noko som kan tyde på at utviklingshemminga hos desse to pasientane kan vera forårsaka av liknande mekanismar som Ogden-syndromet.

 

Personalia:

Svein Isungset Støve blei født i 1986 og er oppvaksen på Voss. Han blei tildelt eit doktorgradsstipend i 2012 gjennom Helse Vest. Arbeidet med doktorgradsavhandlinga blei utførd i Nat-gruppa ved Molekylærbiologisk Institutt, Universitetet i Bergen, og ved Ronen Marmorsteins gruppe på The Wistar Institute/University of Pennsylvania i Philadelphia. Rettleiarar for avhandlinga har vore Thomas Arnesen og Line Merethe Myklebust.