Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Endringar i DNA-strukturen påverkar binyrene

Trine Elholm Bjånesøy disputerer fredag 13. mars 2015 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: “DNA methylation in adrenal gland physiology and pathology”.

Hovedinnhold

Eit viktig mål innafor medisinsk forsking er å belyse og forstå korleis gena blir lest og uttrykt. Epigenetiske faktorar regulerer korleis gena blir lest; ein kan enkelt sei at desse mekanismane kan slå av og på eit gen. Epigenetiske mekanismar regulerer gen under utvikling, vekst og funksjon av ei organisme. Desse mekanismane kan også bli påverka, og endra, av ytre fysiske og psykiske faktorar som for eksempel miljøgifter og stress. Dermed vil miljøfaktorar påverke sjukdomsutvikling.

Steroidogenic faktor 1 er eit genregularande protein som er essensielt for produksjonen av steroid hormon som er viktig for blant anna regulering av stoffskiftet, immunforsvaret og kjønnsutvikling. Steroidogenic faktor 1 er også viktig for utviklinga av organa som produserer steroidhormon; det vil sei binyrer og kjønnskjertlar (eggstokkar og testiklar). I sin studie har Trine Elholm Bjånesøy vist at epigenetiske mekanismar er avgjerande for uttrykk av Steroidogenic faktor 1 og dermed for organutvikling og produksjon av steroidhormon.

Autoimmun Addisons sjukdom er binyresvikt der cellene som produserer steroid hormon blir øydelagd av immuneforsvaret. Trine Elholm Bjånesøy har samanlikna immune celler frå ei gruppe pasientar med denne sjukdommen med celler frå ei gruppe friske personar, og funne at pasientane har eit endra epigenetisk mønster. Denne endringa kan vera ein medverkande årsak til utbrot og utvikling av autoimmun Addisons sjukdom.

Sett saman har denne studien gitt oss større forståing av korleis epigenetiske mekanismar regulerer genuttrykk både i normal utvikling og fysiologi, og i ein sjukdomstilstand. Slik informasjon er viktig for å kartlegge korleis endringar i epigenetiske mønster bidrar til sjukdom, for å forutsjå sjukdomsutbrot og vidare utvikling av målretta behandlingsstrategiar.

 

Personalia:

Trine Elholm Bjånesøy (f. 1969) er frå Storebø i Austevoll. Ho er utdanna bioingeniør frå Høgskulen i Bergen i 1991 og jobba sidan ved Haukeland Universitetssjukehus fram til 2011. I 2010 avla ho mastereksamen i medisinsk cellebiologi ved Universitetet i Bergen, og frå januar 2011 har ho utført doktorgradsarbeid ved Institutt for biomedisin. Arbeidet er finansiert av Helse Vest med professor Marit Bakke som hovudrettleiar og professor Eystein Husebye og forskar Eirik Bratland som birettleiarar.