Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Reformene som endra det norske landbruket

Mads Langnes disputerer fredag 13. mars 2015 for dr.philos.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: ”Utskiftingsrett og gardsskipnad. Innmarksutskiftingar, tun og teigblanding i tre ulike landslutar”.

Hovedinnhold

Fram til midten av 1800-talet var gardsskipnaden i delar av Noreg prega av at gardsbruka låg i ei omfattande teigblanding. Samstundes var det slik at ein gjerne budde i store fellestun, som likna på landsbyar. Utskiftingslovene på 1800-talet hadde som mål å løyse opp denne gardsskipnaden, til fordel for konsoliderte innmarksareal og individualiserte tun for kvar bondefamilie.

Utskiftingsreformene frå 1700-talet og utetter 1800-talet medførte eit omskifte i den rådande gardsskipnaden både i Noreg og i fleire andre land. I avhandlinga konkluderer Langnes med at reformene ikkje berre kom som eit resultat av bønder som la opp drifta si etter det som til ei kvar tid svarte seg best, men at heile prosessen like mykje kan forklarast i ein vekselverkande relasjon til fleire sosiale, økonomiske og kulturelle endringar som gjekk føre seg på denne tida. Reformene blir sett inn i eit kunnskaps- og opplysingsperspektiv, der haldningsendringar hjå dei herskande samfunnsgruppene, så vel som tankar om individualisering mellom bøndene sjølve, har vore like viktige.

Langnes tek føre seg tre ulike landslutar, og viser at medan det var teigblanding og store fellestun i Romsdal og Hardanger, var det ein lang meir individualisert gardsskipnad i Nord-Gudbrandsdal. Dette gjorde at utskiftingslovene medførte eit heilt omskifte i dei to vestlandsområda, medan Nord-Gudbrandsdal vart mest urørt av reforma.

Avhandlinga til Langnes forklarar korleis utskiftingsretten frå 1800-talet var med på å skape eigedomsformene, kulturlandskapet og bygdemiljøa ein kjenner frå 1900-talet og fram til i dag. Der det vart gjennomført innmarksutskiftingar, er det desse som har fastlagt grensene og tunløysingane som i mange høve framleis er gjeldande mellom norske gardsbruk. Granskingane av dei norske utskiftingsreformene er difor eit viktig grunnlag for kunnskap om tidlegare gardsskipnad, og dei norske bygdene og gardane i dag.

 

Personalia:

Mads Langnes (f. 1976) er oppvaksen i Rauma kommune i Møre og Romsdal. Han har hovudfag i historie frå 2002. Langnes har tidlegare arbeidd som arkivar, og han er  no tilsett som konservator ved Romsdalsmuseet i Molde.