Hjem
Nye doktorgrader
ny doktorgrad

Lang veg, lite legevakt

Guttorm Raknes disputerer onsdag 2. september 2015 for dr. philos.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: ”Reisetid, reiseavstand og bruk av legevakt”.

Hovedinnhold

Det er sterk samanheng mellom aukande reisetid og -avstand og redusert bruk av legevakt. For kvar km. ekstra veg til legevaktlokalet, minkar legekonsultasjonsraten med mellom ein og to prosent. Dette er hovudkonklusjonen i avhandlinga som er basert på forsking ved Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin, Uni Research Helse i Bergen.

Bruk av og avstand til legevakt i norske kommunar har blitt undersøkt med ulik tilnærming i fire studiar. Lang avstand var assosiert med sjeldan kontakt med legevakta i 10 kommunar knytt til Arendal legevakt, unntaket var telefonkonsultasjon med lege. Også frekvensen av dei mest akutte tilfella vart redusert med aukande avstand.

Utvikling og kvalitetssikring av ein ny metode, basert på postnummer for å berekne gjennomsnittsavstand til legevakt for innbyggjarane i ein kommune, er ein sentral del av avhandlinga. Analyse basert på rekningskort frå legevaktlegane i 315 kommunar viste ein samanheng mellom avstand og bruk av legevakt i same storleiksorden som i dei andre studiane. Forbruket av legevakttenester var lågare ved interkommunale legevaktar i eller nær ved sjukehus enn i ein-kommunelegevaktar utanfor sjukehus, uavhengig av avstand.

Doktorgradsarbeidet viser også at dei aller fleste nordmenn har kort reisetid og reiseavstand til legevakt. I 2011 var median maksimal reisetid  22 minutt. I alt 40 av kommunane hadde meir enn ein time til legevakt, men folketalet i desse kommunane utgjorde berre 2 prosent av folketalet.

I diskusjonen kring sentralisering av legevakt i Noreg har reisetid og reiseavstand fått stor merksemd. Resultata frå avhandlinga syner at det er avgjerande å ta omsyn til reisetid og reiseavstand i planlegginga av legevaktstrukturen. Tiltak for å motverke ulikskapar i bruk av legevakt på grunn av avstand bør vurderast.

 

Personalia:

Guttorm Raknes (f. 1974) er lege og forskar ved Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin, Uni Research Helse. Han er spesialist i klinisk farmakologi og overlege ved RELIS Nord-Norge. Han er tidlegare fastlege i Bodø og Steigen.