Hjem
Nye doktorgrader
ny doktorgrad

Song i Aiskhylos' Orestien

Valerie Hannon Smitherman disputerer 22. januar 2016 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga “Song and Community in the Oresteia: Contextualizing the Chorus of Erinyes”.

Hovedinnhold

Avhandlinga  tek føre seg bruken av mousikē (musikk, dans, song og poesi) i Aiskhylos’ Orestien og korleis dette elementet både reflekterer og framfører tema som finst i teksta.

Avhandlinga er spesielt fokusert på koret i Eumenidene, eit kor som består av erinyer (furier).  Desse skapningane står i bakgrunnen i dei første to delane av trilogien, men kjem på scenen i den siste delen.  Dette er merkeleg i seg sjølv, men erinyene tener dessutan som kor -- det viktigaste dramatiske elementet i Aiskhylos’ verk -- og dei kan ikkje syngje saman i harmoni. Dette koret er difor heilt unikt i gresk tragedie.

Denne bruken av dei uharmoniske erinyene er ikkje tilfeldig, men eit uttrykk for kaoset som følgjer av sosial isolasjon.  Songen kan ikkje eksistere i eit vakuum, men berre i eit samfunn.  Til slutt i skodespelet er erinyene velkomne til Aten, og deretter kan dei syngje saman i god harmoni.  Det sentrale spørsmålet i verket handlar difor ikkje om rettsleg dom (ei misforståing av dikē), men om korleis samfunnet vert skapt, og dette er besvart i musikken.   

 

Personalia:

Valerie Hannon Smitherman er amerikansk statsborgar med B.A. i klassiske språk frå Washington & Lee University (2007) og M.Phil. i same faget frå Oxford University (2009).