Hjem
Nye doktorgrader

Sjukefråvær etter hjerneskade

Eirik Vikane disputerer 10. juni for ph.d.-graden ved UiB med avhandlinga:”Effect of multidisciplinary outpatient treatment after mild traumatic brain injury - A randomised controlled trial and prognostic factors”.

Hovedinnhold

Av 866 pasientar innlagt med lett hjerneskade ved Haukeland og Ullevål i 2009-2012, vart 151 pasientar vurdert til å trenge vidare oppfølging 2 månader etter skaden. I ein randomisert kontrollstudie vart tverrfagleg poliklinisk behandling samanlikna med vidare oppfølging hjå fastlege etter tverrfagleg undersøking. Det var ikkje forskjell i sjukefråvær mellom gruppene, men dei som fekk tverrfagleg poliklinisk behandling hadde signifikant færre plager etter hjerneskaden og tendens til mindre bruk av andre helsetenester. Studien kan tyde på at også arbeidsgjevar må involverast tidleg for å få fleire tilbake i arbeid. Tidlegare episodar med sjukmelding før skaden, dårleg funksjonsnivå og psykisk reaksjon i ettertid verka negativt inn på sjukefråværet etter skaden. Det var ingen sikker samanheng mellom funn på CT-bilete og utkomme.

Arbeidet er støtta av ExtraStiftelsen Helse og Rehabilitering.
 

Personalia

Eirik Vikane er født 1969 i Sogndal og er utdanna lækjar frå Universitetet i Bergen 1996. Han er spesialist i fysikalsk medisin og rehabilitering og idrettslege NIMF. Han arbeidar som overlækjar ved avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering, Haukeland universitetssjukehus. Forskingsprosjektet utgår frå Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Universitet i Bergen. Hovudrettleiar: Professor Jan Sture Skouen. Medrettleiar: Professor Cecile Røe og professor Erik Bautz-Holter.