Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

UV-lys som våpen mot uynskte mikroorganismar i ballastvatn

Ranveig Ottøy Olsen disputerer måndag 20.06.2016 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: «Flow cytometry detection of phytoplankton in UV disinfected water. Implications for ballast water treatment and analysis».

Hovedinnhold

Ei stor utfordring i marine økosystem er introduksjon av artar til nye geografiske områder med vatn frå ballasttankane på skip. Overlever organismane og klarar å tilpasse seg i det nye miljøet, kan dei føre til bioinvasjon som kan få negative konsekvensar for økosystemet. Spreiing av akvatiske artar med ballastvatn kan såleis påverke biodiversiteten og økosystema i hav og kystsoner, samt at dei kan føre til økonomiske og helserelaterte problem. For å verne det marine miljøet vedtok den Internasjonale Maritime Organisasjonen (IMO) konvensjonen “International Convention for the Control and Management of Ship’s Ballast Water and Sediments” i 2004 som krev at ein tek hand om ballastvatnet og inneheld grenserverdiar for konsentrasjonen av organismar/grupper ved utslep. Rundt 30 % av reinsesystema for ballastvatn, som inaktiver eller fjerne uynskte organismane, nyttar i dag teknologi basert på ultrafiolett (UV) lys.

Olsen har utvikla ein rask og god metode for å evaluere levedyktigheten på algar etter ulike dosar av UV-stråling, for å kunne gje anbefalingar ved handsaming/analyse av ballastvatn. Ho har nytta flow cytometri og resultata viser at UV-stråla celler kan ha metabolsk aktivitet sjølv om membranen er skada, eit teikn på døyande celler og framtidig inaktivering. Resultata gjev grunnleggjande forståing for liv/død mekanismar og kor levedyktige UV-stråla mikroorganismar er. Arbeidet er viktig i samband med IMO konvensjonen sitt mål om å hindre spreiing av framande og uynskt organismar. Analysemetoden kan nyttast ved godkjenning av reinsystem i samsvar til internasjonalt lovverk. Arbeidet vart gjennomført i ramma av NFR-prosjektet BallastFlow med Knutsen OAS Shipping som industripartnar.

Personalia:

Ranveig Ottøy Olsen (født 1975) er frå Nedstrand og har hovudfag i bioteknologi frå Norges miljø- og biovitenskapelige universitet. Ho har sidan 2007 vore tilsett ved Høgskolen Stord/Haugesund. Rettleiarane var Friederike Hoffmann (UiB), Ingunn Alne Hoell (HSH) og Ole-Kristian Hess-Erga (NIVA).