Hjem
Organisasjonsutviklingsprosjektet
Opent møte

Stor interesse for Ou-prosjektet

Egget var fullsett av engasjerte tilsette då prorektor Anne Lise Fimreite og prosjektleiar Kari Fuglseth informerte om organisasjonsutviklingsprosjektet. Alt i løpet av hausten vert fleire tiltak som skal heva kvaliteten ved UiB iverksett.

Publikum i Egget på møtet
Egget var fullt på informasjonsmøtet om organisasjosnutviklingsprosjektet.
Foto/ill.:
Tor H. Monsen

Hovedinnhold

– Samfunnsoppdraget til Universitetet i Bergen er det flottaste ein kan tenkja seg. Det vi leverer innan forsking, utdanning, innovasjon og formidling er så viktig at ein kan verta rørt av å tenkja på det. Difor set vi høge krav til oss sjølve, sa rektor Dag Rune Olsen då han opna informasjonsmøtet om organisasjonsutviklingsprosjektet.

Konstituert universitetsdirektør Kjell Bernstrøm har jobba 18 år på UiB og under fire rektorat. Han roste det nye rektoratet for si nytenkjing

–  Organisasjonsutviklingsprosjektet viser konturane av rektoratet sine ambisjonar og ønske om utvikling og vekst. Dei administrative funksjonane er ein nøkkel for utvikling, sa Bernstrøm.

Prosjektet har som mål å utvikla de administrative teenestene ved UiB. Slik skal dei støtta best mogeleg opp om universitetet sine oppgåver innan forsking, utdanning og formidling.

 

Å verta endå betre

Prosjektet spring ut frå rektoratet sin valplattform.

"UiB skal ha en kultur der alle yrkesgrupper og ansatte opplever å ha det samme samfunnsoppdraget og identifiserer seg med universitetets kjernevirksomhet".

Då det nye rektoratet tiltredte i fjor haust la dei vekt på å møta store delar av organisasjonen.

– Det er to ting eg beit meg merke i etter desse møta. For det første var folk stolte av å arbeida ved UiB.  For det andre var det fleire innspel til korleis UiB kan verta endå betre. No er det sett i gang eit systematisk arbeid med dette, sa prorektor Anne Lise Fimreite, då ho orienterte om prosjektet.

Ho la fram rammer og mål for prosjektet, som skal gå paralellt med UiB sin strategiprosess.  Mellom anna legg forventingar om digitalisering og forenkla målstrukturar rammer for prosjektet. Fimreite la vekt på at innsparing ikkje er eit mål i prosessen.

– Dette dreier seg først og fremst om å vera så bra som mogeleg, sa Fimreite.

 

Engasjerte tilsette

– Sjå dykk omkring her i Egget. Ingen kan koma og seia vi ikkje er engasjerte, sa prosjektleiar Kari Fuglseth, tydeleg imponert over det fullsette Egget. 

Fuglseth informerte om framdrifta i prosjektet. I løpet av hausten vert det arrangert fleire informasjonsmøte, og ein er oppteken av å oppnå god informasjon og aktiv deltaking frå dei tilsette. Ein gong i månaden held Fuglseth ope hus i Christies gate 18.

– Og vi kjem gjerne på besøk. Gi oss tilbakemeldingar, oppmoda Fuglseth.

Ho informerte vidare om delprosjekta som tar til no i august. Delprosjekta skal mellom anna anbefale tiltak som kan sørga for å rekruttera dei beste talenta og auke den eksternt finansierte verksemda. Vi skal skapa søknadar med stor konkurransekraft, og tilrettelegga godt for oppfølginga av den eksternt finansierte verksemda.

Det vert også sett i gang delprosjekt for å vurdera korleis  vi best kan møta krava til ei meir digital forvalting og prosjekt for å styrka service og kvalitet i dei sentraladministrative tenestene. 

Utover hausten vil styringsgrupp få forelagt forslag til fleire innsatsområde som tar utgangspunkt i innspela frå fakulteta og avdelingane.

Her kan du lesa om delprosjekta.

Alt i løpet av hausten trer nokon konkrete  tiltak i kraft. Mellom anna skal alle UiB-tilsette kunne logga seg på UiB-systemet eksternt, og ein etablerer juridisk rådgjeving på studiefeltet.