Hjem
Hanne Kvilhaugsviks bilde
Foto:
Denise Fewtrell Flatmark

Hanne Kvilhaugsvik

Førsteamanuensis

Faglege interesser

Mine faglege interesser er knytte til offentleg politikk og forvaltning, organisasjonsteori, og reformer og endring. Eg er særleg opptatt av utdanningsfeltet, og har arbeidd med empiriske studiar innanfor høgare utdanning og barnehage. Vidare er eg opptatt av koplingar mellom utdanning og velferd, og utdanning si tyding for arbeidsliv, kunnskapsutvikling og regional utvikling. Sjå fana «Prosjekter» for presentasjon av aktuelle forskingsprosjekt.

Forskargrupper

Eg er medlem i forskargruppa Kunnskap, politikk og organisering ved Institutt for politikk og forvaltning, UiB. I tillegg er eg tilknytt medlem av forskargruppa Kunnskap og styring ved Institutt for pedagogikk, UiB.

Eg underviser innanfor oppdragsbaserte kurs og etter- og vidareutdanning ved Institutt for politikk og forvaltning, i emne som organisasjonsteori, offentleg politikk og forvaltning, leiing og metode.

Publikasjonar:

Vitenskapelig artikkel
  • Vis forfatter(e) (2021). Quality Assurance in Nordic Higher Education: Relevance and Quality for the Welfare State? Higher Education Policy.
  • Vis forfatter(e) (2021). Bridging higher education and the world of work? Employer panels in Nordic university governance. European Journal of Higher Education.
  • Vis forfatter(e) (2020). Engineering learning outcomes: Translations of a policy instrument in a disciplinary context in Nordic higher education. Nordic Journal of Studies in Educational Policy. 116-127.
  • Vis forfatter(e) (2017). Higher education learning outcomes and their ambiguous relationship to disciplines and professions. European Journal of Education. 56-67.
Rapport
  • Vis forfatter(e) (2022). Kunnskapsoppsummering: Hvordan er sammenhenger mellom arbeidsmiljø og kvalitet belyst i nordisk forskningslitteratur i perioden 2015–2022? .
  • Vis forfatter(e) (2022). "Når det dirrer i rommet" - sammenhenger mellom arbeidsmiljø og kvalitet i barnehagetjenesten. .
Populærvitenskapelig foredrag
  • Vis forfatter(e) (2017). Kvalitet og relevans i høgare utdanning - nye styringsformer og koplingar til arbeidslivet?
  • Vis forfatter(e) (2016). Læringsutbytte: Muligheter og utfordringer. Hva kan vi lære av forskningen?
Vitenskapelig foredrag
  • Vis forfatter(e) (2022). Instrumental knowledge? Didactical tools and knowledge regimes in early childhood education.
  • Vis forfatter(e) (2021). Standardization and diversification in Norwegian early childhood education and care. Connections between national regulations and instruments for management and teaching.
  • Vis forfatter(e) (2020). Labour market panels for higher education as a case of bridging institutional logics.
  • Vis forfatter(e) (2019). Saturated higher education and the labor market turn.
  • Vis forfatter(e) (2018). Labor market panels – rubber stamp or strategic unit?
  • Vis forfatter(e) (2018). Assuring Relevance and Status: Methods and criteria in quality assurance of higher education in Norway and Denmark.
  • Vis forfatter(e) (2017). Quality as Relevance and Status – Developments in Quality Assurance of Higher Education in Norway and Denmark.
  • Vis forfatter(e) (2016). On Higher Education Learning Outcomes.
  • Vis forfatter(e) (2016). Kvalitet som relevans og status – utviklinga av nasjonale kvalitetssikringssystem i Noreg og Danmark.
  • Vis forfatter(e) (2016). Higher Education Learning Outcomes and their ambiguous relationship to disciplines and professions.
Mastergradsoppgave
  • Vis forfatter(e) (2015). Pedagogikk, politikk og styring. Eit komparativt casestudium av læringsutbytte i norsk høgare utdanning.
Doktorgradsavhandling
  • Vis forfatter(e) (2021). Governing massified higher education : A cross-national comparative case study of policy instruments for relevance and quality .
Vitenskapelig Kapittel/Artikkel/Konferanseartikkel
  • Vis forfatter(e) (2023). Progresjon – mellom barnesentrering og utvikling? 41 sider.
  • Vis forfatter(e) (2023). Ny styringsstruktur og styrket eierrolle. 36 sider.
  • Vis forfatter(e) (2023). Barnehagens arbeid med fagområdene. 43 sider.
  • Vis forfatter(e) (2023). Barnehagenes arbeid med overganger. 38 sider.
Poster
  • Vis forfatter(e) (2019). Re-connecting to the Labor Market? Labor Market Panels for Higher Education in Denmark and Norway.
Nettsider (opplysningsmateriale)
  • Vis forfatter(e) (2016). Higher Education Learning Outcomes - Do They Matter?

Se fullstendig oversikt over publikasjoner i CRIStin.

Forprosjekt: Elitar, audmjukheit og regional utvikling - differensiering og universell tilgang i høgare utdanning.

Dette prosjektet vil undersøka differensiering i høgare utdanning i Europa, ved å studera to nyare utviklingstrekk: 1) opprettinga av særskilte studieprogram for særleg motiverte studentar, og 2) utvikling av studieprogram i distrikta som verktøy for regional utvikling. På kvar sin måte bidrar slike studieprogram til auka variasjon i høgare utdanning, samstundes som dei utfordrar standardiseringa som har vore i fokus i reformer dei siste tiåra. I første omgang fokuserer prosjektet på den norske konteksten, og på opprettinga av "honours-program". Opprettinga av slike program har fått stor merksemd i media dei siste åra, og både studentar, interesseorganisasjonar, politikarar og tilsette ved universitet og høgskular har ytra seg. Derfor gjer me ein analyse av medieomtale og ytringar i debatten om opprettinga av desse programma.

Neste steg i forprosjektet vil vera å undersøka konstruksjonen av honours-program blant studentar, tilsette og andre aktørar. Prosjektet tar opp spørsmål som: Kva inneber det å oppretta "eliteprogram" i ein kontekst der ekspertise, elitar og sentralisering er blitt meir politisk omstridd, og korleis fortolkar dei involverte aktørane dette?

Aktørar som har deltatt i medieoppslag (ink. nyhendesaker/kronikkar/lesarinnlegg i norske aviser) eller blitt omtalt i dokument publisert av institusjonen med honours-program, blir av-identifiserte i forskingsprosjektet og publikasjonar. Personar som dette gjeld, kan ta kontakt med meg ved spørsmål om innsyn, retting eller sletting av personopplysningar.

Evaluering av implementering av rammeplan for barnehagen, 2018-2023

Eg har arbeidd som postdoktor ved forskingsinstituttet NORCE, tilknytt forskingsprosjektet «Evaluering av implementering av rammeplan for barnehagen, 2018-23», finansiert av Utdanningsdirektoratet. Prosjektet blir utført i samarbeid mellom NORCE, UiB og HVL. Nærmare informasjon om forskingsprosjektet og resultat, er tilgjengeleg på prosjektets nettside.

Ph.d.-prosjekt (2016-2020): Styring av høgare utdanning i masseutdanningssystem

Korleis styrer ein høgare utdanning når «alle» studerer? I ph.d.-prosjektet mitt innanfor administrasjon og organisasjonsvitskap undersøkte eg dette, gjennom studiar av styringsinstrument i høgare utdanning. Prosjektet var eit komparativt casestudium av Danmark og Noreg. 

Prosjektet tok for seg tre ulike styringsinstrument, som tar sikte på å forbetra kvalitet og relevans i masseutdanningssystem:

  1. Innføringa av standardiserte læringsutbytteskildringar for alle emne og studieprogram
  2. Arbeidslivspanel - obligatoriske råd/utval for samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar og arbeidsliv
  3. Nasjonale kvalitetssikringssystem før høgare utdanning

Avhandlinga er tilgjengeleg frå BORA: "Governing massified higher education".