Synnøve Midtbø Myking
- E-postsynnove.myking@uib.no
- BesøksadresseSydnesplassen 7HF-bygget5007 Bergen
- PostadressePostboks 78055020 Bergen
Prosjektet FLANDRIA (Flandern, Noreg og Danmark: relasjonar og intertekstuell utveksling i høgmellomalderen (ca. 1080–1383)) ser på kontakten mellom Flandern, Noreg og Danmark i høgmellomalderen, og korleis denne kontakten påverka skandinavisk handskriftskultur. Flandern, særleg Brugge, var eit sentrum for handel og skipsfart, der skandinavar steig i land for å reisa vidare over land når dei hadde ærend på kontinentet. Me veit at nordmenn, danskar og svenskar vitja Brugge og området rundt, men det er til no forska relativt lite på denne kontakten, og endå mindre på korleis han påverka utviklinga av skrift- og bokkultur i Skandinavia.
FLANDRIA undersøkjer norsk og dansk handskriftsmateriale, med vekt på fragment. Dette kjem av at dei fleste bøkene frå norsk og dansk mellomalder berre har overlevd i fragmentert tilstand, «resirkulerte» som innbindingsmateriale på 15- og 1600-talet. Det danske fragmentmaterialet er til no lite kartlagt, og eitt av måla for prosjektet er å få betre oversyn over kva tekstar og bøker som er representerte der. Ein viktig del av arbeidet er å identifisera kva fragment som ein gong har vore del av same bok. Eit anna mål er å undersøkja i kva grad det danske materialet liknar på, eller overlappar med, det norske. Eit tredje mål er å undersøkja i kva grad, og korleis, kontakten med Flandern har sett spor etter seg i det norske og danske materialet. Det har alt vist seg at somme av fragmenta inneheld tekstar som elles ikkje er å finna utanfor Flandern, og/eller at skrift og dekorasjon ber preg av flamsk stil. Ved å samanlikna norske og danske fragment med flamske handskrift, kan me få eit betre innblikk i korleis reiser, handel og religiøse nettverk har sett spor etter seg i skandinavisk bokkultur.
Prosjektet er eit treårig mobilitetsstipend finansiert av Noregs Forskingsråd, som inneber gjesteforskaropphald ved Centre for Medieval Literature (Odense) og Henri Pirenne Institute for Medieval Studies (Gent) i til saman to år.
- (2023). Thomas Becket, Clairvaux, and Ringsted: Saintly Diversity and European Influences in a Twelfth-Century Fragmentary Legendary from Denmark . Classica et Mediaevalia. 255-288.
- (2023). The Low Country saints of the Næstved calendar. Scandinavian Journal of History. 31 sider.
- (2023). A Psalter for a Danish Queen? Remarks on London, British Library, Add. MS 17868. Collegium Medievale. 241-265.
- (2021). «De andre findes (vden tuiill) paa Herness heller Gilleskaall» – Mellomalderbøker i Nordland i etterreformatorisk tid. Collegium Medievale. 229-271.
- (2021). Les livres français dans la Norvège médiévale : connexions culturelles, religieuses et sociales. Pecia: Le livre et l'écrit. 163-213.
- (2021). Fragmentsamlinga i Riksarkivet - ei kjelde til norsk bokkultur i mellomalderen. Klassisk Forum. 36-65.
- (2019). Alle vegar fører til Nidaros: om eit fransk handskriftfragment og dansk-norske kontinentale nettverk . Collegium Medievale. 39-57.
- (2023). Creating Databases for Manuscript Fragments: Challenges and Solutions.
- (2022). The Victorine Network of Scandinavian Churchmen: Traces in Manuscript Fragments .
- (2022). From Tournai to Trondheim: Flemish Saints in Danish and Norwegian Manuscripts .
- (2022). Flandern, Noreg og Danmark: handskriftsmateriale som kjelde til kulturell kontakt i høgmellomalderen.
- (2021). Fragment av bokkultur i Nordland.
- (2020). Magnus Lagabøtes landslov gjennom 400 år: bøker og brukarar.
- (2023). Band over Nordsjøen: engelsk og kontinental påverknad på norsk bokkultur i høgmellomalderen .
- (2022). Fragment frå mellomalderbøker i norske samlingar.
- (2023). Scribes and Saints' Legends in Danish Monasteries: New Insights through Manuscript Fragments.
- (2023). Liber Polypticus og dei danske cisterciensarane: eit nytt blikk på Esrum-handskriftet Vat.lat. 636 I.
- (2022). Handskriftsfragment som kjelde til norsk bokkultur i mellomalderen.
- (2022). Flemish Saints in Denmark and Norway: Textual Traces.
- (2022). Danish Scribes Revisited. Some Cases from the Royal Library and the National Archives in Copenhagen.
- (2021). The Cult of Thomas Becket in Medieval Denmark.
- (2021). Manuscript Fragments in Norway and Denmark: Keys to a lost Book Culture.
- (2021). Connections between Scandinavia and the Low Countries in the High Middle Ages: Traces in Manuscript Culture.
- (2021). Cistercian Manuscripts in Medieval Denmark and Norway: Traces of a European Network.
- (2021). Amendments of the Norwegian Code of 1274: between text and practice.
- (2019). The contribution of manuscript studies to historical research.
- (2019). Fragments of manuscripts, fragments of history. Contextualising the remnants of medieval book culture in Scandinavia .
- (2022). Drechsler, Illuminated Manuscript Production in Medieval Iceland. The Medieval Review.
- (2019). På sporet av Tore. Ei vandring gjennom Latinarkvarteret i Paris, på jakt etter den tapte verda til norske bondestudentar og/eller kyrkjas mektige menn. Syn og Segn. 90-97.
- (2017). The French Connection. Norwegian Manuscript Fragments of French Origin and their Historical Context.
- (2023). 38. Med skriftkultur på Europa-reise i mellomalderen. Samtale med Åslaug Ommundsen og Synnøve Midtbø Myking.
- (2023). Med skriftkultur på Europa-reise i mellomalderen.
- (2022). Imitation and Innovation in Twelfth-Century Danish Scribal Culture: The Case of Ringsted Abbey.
- (2019). Mellomalderlov i endring. Nyvinningar og bruksmåtar i førmoderne norske lovhandskrift .
- (2019). Amendments of the Landslov: manuscript practices and societal changes .
- (2021). From Flemish books to Scandinavian manuscript fragments.